Rollene og oppgåvene til dyrevernnemndene

I alvorlege dyrevelferdssaker skal Mattilsynet bruke dyrevernnemnder. Nemndene skal vurdere sakene på bakgrunn av lekmannsskjønn.

Publisert

Dette er lekmannsskjønn

Mattilsynet har definert lekmannsskjønn som "vurderingar gjort på bakgrunn av haldningar som er representative for ansvarlege personar med praktiske erfaringar frå dyrehald". Å bruke lekmannsskjønn vil seie at kvar medlem i nemnda vurderer ei sak ut frå kompetansen og erfaringa si frå dyrehald.

Dette er dyrevernnemndene si rolle

Lekmannsskjønnet til dyrevernnemndene skal utfylle den kunnskapen Mattilsynet har om dyrefag, juss og forvaltning. Nemndene skal først og fremst brukast i alvorlege dyrevelferdssaker, og i saker der regelverket gir stort rom for skjønn.

Nemndene

  • kan delta på inspeksjonar saman med Mattilsynets inspektørar. Ein eller fleire medlemmer skal delta når lekmannsskjønnet er viktig for å vurdere forholda dyra lever under
  • skal skrive ned sine vurderingar av det dei observerer under inspeksjonen. Desse vurderingane skal følgje saka
  • kan vurdere ei sak ut frå dokumenta i saka, altså utan å vere med på inspeksjon
  • kan uttale seg når Mattilsynet sender regelverk på høyring, og når Mattilsynet prioriterer risikobaserte tilsyn med dyrevelferda

Dyrevernnemndene skal ikkje utføre inspeksjonar utan Mattilsynets inspektørar. Nemndene kan heller ikkje gjere vedtak.

Desse sit i dyrevernnemndene

Dyrevernnemndene består av lekfolk med interesse for og kunnskap om dyrehald. Kvar nemnd har minst tre medlemmer, og blir utnemnde for fire år av gongen.

Kommunane kan foreslå medlemmer i nemnda. Dyrevernorganisasjonar og lokale organisasjonar for husdyrnæringa og for sports- og kjæledyr kan også foreslå medlemmer.

Kvar regionsdirektør i Mattilsynet utnemner dyrevernnemndene i regionen sin. Nemnda er ein del av Mattilsynet, men medlemmene er ikkje tilsette.

Regelverk

Dyrevelferdsloven

§ 30. Tilsyn og vedtak

Mattilsynet fører tilsyn og kan fatte nødvendige enkeltvedtak for å oppnå etterlevelse av bestemmelser gitt i eller i medhold av denne loven.
Mattilsynet oppnevner dyrevernnemnder for å ivareta lekmannsskjønnet i dyrevelferdsarbeidet. Nemndene er en del av Mattilsynet.
Kongen kan delegere myndighet til andre offentlige og private organer enn Mattilsynet og gi bestemmelser om hvem som er klageinstans i slike tilfeller.
Kongen kan gi nærmere forskrifter om utøving av tilsynet og om oppnevning, sammensetning og drift av tilsynsorganer.
Se heile lova

Kilde: Lovdata.no