Livdyrsamarbeid for småfe

Viss du er part i eit livdyrsamarbeid, er reglane for flytting av småfe litt enklare.

Fagleg oppdatert

Eit livdyrsamarbeid er ein avtale mellom driftsansvarlege frå inntil fire anlegg der småfe blir haldne, som inneber at småfe kan flyttast mellom anlegg eller haldast på fellesseter der småfe blir mjølka.

Partane i eit livdyrsamarbeid treng ikkje særskild løyve frå Mattilsynet for å kunne flytte hodyr mellom anlegga sine.

Småfe som blir flytta mellom anlegga i livdyrsamarbeidet, treng heller ikkje å bli følgt av eigenerklæring eller veterinærattest.

Desse unntaka gjeld likevel berre dersom følgjande krav er oppfylte:

  • Livdyrsamarbeidet kan ikkje bestå av småfe frå fleire enn fire anlegg. 
  • Småfe som blir halde i anlegga som deltar i livdyrsamarbeidet kan ikkje inngå i fleire enn eitt livdyrsamarbeid.
  • Anlegga i livdyrsamarbeidet kan ikkje ha deltatt i andre livdyrsamarbeid med småfe siste 12 månader.
  • Sjølv om samarbeidet består av færre enn fire anlegg, må ein vente 12 månader frå ein starta det opphavlege livdyrsamarbeidet før ein kan ta inn nye anlegg som medlemmer.
    • Dei nye medlemmene kan ikkje ha deltatt i andre livdyrsamarbeid siste 12 månader.
    • Når ein tar inn nye medlemmer i eit livdyrsamarbeid på denne måten, blir dette rekna som at ein inngår eit nytt livdyrsamarbeid.
    • Ein må sende inn ny melding om nytt livdyrsamarbeid, og alle medlemmer i livdyrsamarbeidet må oppfylle regelverkskrava for å kunne delta i livdyrsamarbeid, sjå § 21 i landdyrflyttingsforskrifta.
  • Det kan ikkje takast inn hodyr av småfe frå anlegg utanfor livdyrsamarbeidet så lenge livdyrsamarbeidet går føre seg.
  • Småfe som blir haldne i anlegga som inngår i livdyrsamarbeidet må vere testa for lentivirus med negativt resultat i samsvar med vedlegg V i landdyrflyttingsforskrifta før livdyrsamarbeidet blir inngått.
  • De må ha ein skriftleg samarbeidsavtale.
  • Livdyrsamarbeidet kan ikkje krysse fylkesgrenser. Det er unntak for grensa mellom Oslo fylke og tidlegare Akershus fylke i Viken og mellom Rogaland fylke og kommunane Sveio og Etne i Vestland fylke.
  • Reglane for sporbarheit (registrering av anlegg, merking av dyra, oppdatert dyrehaldjournal og transportdokument) må følgjast ved flytting av småfe mellom anlegga i livdyrsamarbeidet. Flytting av dyr skal også registrerast.

Følgjande må vere registrert hos Mattilsynet før dyra kan flyttast:

  • Samarbeidsavtalen
  • Identiteten til alle driftsansvarlege i livdyrsamarbeidet
  • Ei eigenerklæring som stadfestar at
    • avsendarbesetning minimum er i TSE-klasse 3
    • det ikkje er mistanke om klassisk skrapesjuke, paratuberkulose, mædi, CAE, byllesjuke eller fotròte i avsendaranlegget
    • det ikkje er mistanke om Psoroptes ovis i avsendaranlegget (gjelder geit)

Flytting av småfe ut av livdyrsamarbeid til andre anlegg

Hanndyr av småfe kan berre flyttast ut av livdyrsamarbeidet viss alle anlegga i livdyrsamarbeidet oppfyller dokumentasjonskrava i § 18 (geit) og § 19 (sau) i landdyrflyttingsforskrifta. 

Ved flytting av hodyr ut av livdyrsamarbeid, må mottakaranlegget først ha løyve til å få dyra. Dersom mottakaranlegg får løyve til å flytte hodyr, kan dyra berre flyttast ut av livdyrsamarbeidet viss alle anlegga i livdyrsamarbeidet oppfyller dokumentasjonskrava i § 18 (geit) og § 19 (sau) i landdyrflyttingsforskrifta. 

Flytting av dyr til og frå anlegg må registrerast også når du er med i eit livdyrsamarbeid.

Slik gjør du

Samarbeidsavtale

Det er ingen krav om at avtalen om livdyrsamarbeid skal vere utforma på ein bestemd måte. Det er viktig at alle opplysingane det er krav om, er med. Her kan du laste ned eit forslag til avtale: Samarbeidsavtale for livdyrsamarbeid småfehald

Registrering

De kan registrere livdyrsamarbeidet på Mattilsynet si skjemateneste. Registreringa er gyldig for to år. Etter dette må de fornye ho. Eigenerklæringane for kvart anlegg i livdyrsamarbeidet må fornyast kvart år innan 1. januar. 

Mattilsynet si skjemateneste

Regelverk

Landdyrforflytningsforskriften

Dyrehelseforskriften