Du må ha løyve frå Mattilsynet for å halde dyr ute heile året
Utanom beitesesongen skal dyr haldast innandørs eller ha tilgang til eigna opphaldsrom. Mattilsynet kan gjere unntak for sauer og geiter, men berre dersom forholda i det enkelte tilfellet ligg til rette for det.
Slik søker du
For å få løyve til å halde dyr ute heile året utan tilgang opphaldsrom, må du sende ein skriftleg søknad til Mattilsynet. I søknaden må du beskrive forholda på uteområdet der dyra skal vere, og grunngi godt korleis du skal sikre dyra god velferd der.
Mattilsynet vil vurdere om det er behov for å inspisere uteområdet før saka blir avgjord. Du får søknadsskjema får på lokalt avdelingskontor, finn kontaktinformasjon her.
Viss du lurer på andre regelverk for beite, kan du til dømes sjå Beiteretts- og beitebrukspørsmål hos Norsk sau og geit.
Regelverk
Dyrevelferdsloven
§ 23. Dyrs levemiljø
Kilde: Lovdata.no