Privat import av planter og frø
Skal du handle planter på nett eller på utlandstur, eller ta med deg planter i flyttelass frå utlandet, må du vere sikker på at det blir gjort i samsvar med regelverket som gjeld for slik import.
Innhald på denne sida
Du som privatperson kan ikkje utan vidare ta med deg planter og andre smitteberande emne, som for eksempel jord, plantedelar og tre frå utlandet inn i Noreg.
Ved import av planter, plantedelar, jord, frø, frukt og grønsaker, er det ein risiko for at det kan følgje med uønska planteskadegjerarar som blindpassasjerar. Disse skadegjerarane kan være insekt, virus, bakteriar og andre organismar, som har eit potensiale til å gjere stor skade på plantene våre, både i jordbruket, skogbruket og naturen. I Noreg har vi derfor eit strengt regelverk som skal sikre ei god plantehelse i landet vårt. Dette avgrensar kva ein kan importere og korleis.
Kva er eit plantesunnheitssertifikat?
Hovudregelen er at alle planter og andre smitteberande emne som blir importerte skal følgjast av eit plantesunnhetssertifikat.
Plantesunnheitssertifikat er eit offisielt dokument som plantehelsetenesta i eksportlandet skriv ut ved eksport av planter med meir.
Dokumentet blir skrivi ut til plantehelsemyndigheta i mottakarlandet, og det bekreftar at myndigheitene i eksportlandet går god for at plantematerialet oppfyller dei plantehelsekrava som mottakarlandet har.
Plantesunnheitssertifikat (engelsk: Phytosanitary Certificate) er eit internasjonalt anerkjent dokument som blir brukt av land som er tilslutta IPPC-konvensjonen ved handel med planter og andre produkt som kan føre med seg smitte av planteskadegjerarar.
Plantesunnheitssertifikatet inneheld opplysningar om sendingas innhald og mengde, kven som er avsendar og mottakar, kva type behandling plantematerialet eventuelt har gjennomgått, med meir.
Det finst to variantar av sunnheitssertifikatet. Det ein sertifikatet blir brukt ved eksport og det andre ved reeksport. Med reeksport meiner vi at innhaldet i sendinga opphavleg kjem frå eit anna land enn avsendarlandet.
Kva varer som skal ha sertifikat, finn du i vedlegg 5a i forskrift om plantehelse.
International Plant Protection Convention (IPPC-konvensjonen)
Melding til Mattilsynet
For dei fleste sendingar som krev plantesunnhetssertifikat, er det også krav om importen skal meldast inn til Mattilsynet. Dette gjeld også sendingar som er bestilte via internett.
Kva sendingar dette gjeld for er, beskrive i forskrift om plantehelse §23 og vedlegg 5a, blant anna skal alle importsendingar med planter meldast inn. All import av planter og smitteberande emne melder du inn i Mattilsynets skjemateneste. Her skal du både melde importsendinga inn på forhand (før varene er komne til mottaksstaden) og når du har mottatt sendinga og har gjennomført ein mottakskontroll utan å finne feil.
Slik gjør du
Import av planter og plantemateriale med mer
Dette skjemaet brukes for å melde inn sertifikatpliktige importsendinger av planter og plantemateriale med mer. Meldingen skal gis før importsendingen ankommer mottaksstedet.
Meldeplikten er regulert i Forskrift om planter og tiltak mot planteskadegjørere (lovdata.no) § 23.
Noen sertifikatpliktige varer er unntatt fra meldeplikten i § 23. Dette gjelder blant annet sendinger med snitt og frisk frukt, bær og grønnsaker.
For å få tilgang til meldeskjemaet må din virksomhet være registrert som importør hos Mattilsynet. Det gjør du i skjemaet Ny importør av planter og plantemateriale m.m.
Når en importsending er ankommet og mottakskontrollert, skal dette meldes til Mattilsynet i henhold til § 23d. I Mattilsynets skjematjenesten under menyen "Skjema" og "Mine påbegynte skjema" finner du en ny oppgave for å melde importsendingen ankommet og mottakskontrollert.
Unntaket fra dette er importsendinger med jord og gjødselvarer, for disse sendingene skal det ikke meldes fra til Mattilsynet etter at mottakskontroll er gjennomført.
For mer informasjon:
Brukerveiledning for innmelding av import av planter i skjematjenesten (PDF)
Mottakskontroll
Mottakskontrollen er ditt viktigaste tiltak for å hindre introduksjon og spreiing av planteskadegjerarar.
Dette inneberer å kontrollere at sendinga er i samsvar med importkrava. Du skal kontrollere at dokumenta som følger sendinga er riktige, at sendinga sitt innhald samsvarar med sertifikatet og at plantene i sendinga ikkje har teikn på planteskadegjerarar (skadegjerarar som det er forbod mot å innføre).
Å utføre ein god mottakskontroll krev kunnskap både om krav i regelverket og om relevante skadegjerarar. Har du ikkje slik kompetanse sjølv, kan du som importør avtale at nokon andre gjennomfører mottakskontrollen for deg. Den som eventuelt gjennomfører mottakskontrollen på dine vegne må vera registrerte i Mattilsynets skjemateneste som mottakskontrollør.
Plantar og frø og anna som det er forbode å importere til Noreg
Nokre planter, frø og anna er det forbode å importere.
Enkelte planteslag frå spesifikke geografiske område i verda er forbodne å importere til landet. Dette gjeld nokre plantar innan søtvierfamilien, jordbærplantar og anna.
Merk at forbodet også kan gjelde for plantedelar av desse planteslaga, som utløparar (f.eks. jordbær), knollar (f.eks. setjepoteter), podekvistar eller okulasjonsmateriale (f.eks. vertplantar for pærebrann), stiklingar, greiner med bladverk og anna. Du finn ei oversikt over forbodsplantane i vedlegg 3 i forskrift om plantehelse.
Det er også forbode å importere
- plantevernmiddel
- jord og organiske dyrkingsmiddel frå ikkje-europeiske land
- setjepoteter
- plantar og frø av plantar som inneheld narkotiske stoff
Etter forskrift om framande organismar under naturmangfoldlova, er det forbode å innføre, omsetje og setje ut fleire framande landplantar. Les meir på Miljødirektoratets heimeside (miljodirektoratet.no)