Pærebrann påvist i 15 nye kommunar

Publisert

Det er i 2023 påvist pærebrann i 15 nye kommunar. Mattilsynet kjem til å endre handteringa av sjukdommen, og vil jobbe for gode overgangsordningar saman med dei som blir påverka av endringane.

I 2022 vart det påvist pærebrann i 9 nye kommunar. Totalt er det altså funne pærebrann i 24 nye kommunar dei to siste åra. Det betyr at sjukdommen har spreidd seg til et svært stort område, og det vil ikkje vera realistisk å prøve å bli kvitt sjukdommen med dei ressursane som er tilgjengelege.

I ein overgangsperiode vil dei som driv planteskule få dispensasjon til å produsere og omsette vertplanter. Meir informasjon om dispensasjonsordninga kjem før ny sesong.

Mattilsynet arbeider samstundes med dei naudsynte endringane i regelverket som gjeld plantehelse.

Om sjukdommen pærebrann

Pærebrann er ein alvorleg plantesjukdom i eple- og pæredyrking som er forårsaka av bakterien Erwinia amylovora. Den har veldig mange vertplanter. I Noreg har vi funne mest smitte på ulike mispelarter og sjukdommen er etablert i ytre kyststrok frå Agder til Møre. Hovudmålet for arbeidet med pærebrann har vore å hindre at sjukdommen spreier seg til område med kommersielt viktig fruktproduksjon og til deler av landet utan smitte.

I år er det funne pærebrann for første gong i følgjande kommunar: Sauda, Kvitsøy, Utsira, Vanylven, Hareid, Sykkylven, Risør, Grimstad, Arendal, Flekkefjord, Tvedestrand, Vennesla, Fedje, Høyanger og Stad.

Mattilsynet vil framleis jobbe for å kartlegge utbreiinga av pærebrann.

Kva betyr dette for deg som driv planteskule

Mattilsynet vil i samarbeid med næringa utarbeide ei dispensasjonsordning med visse vilkår i påvente av nytt plantehelseregelverk.

Produksjon av vertplanter for pærebrann er omfatta av krav i regelverket som skal redusere risikoen for pærebrannsmitte med planter som blir omsett frå desse verksemdene. Med dei nye påvisingane dei 2 siste åra, kan ikkje Mattilsynet lenger dokumentera at desse krava er oppfylt. Dette er bakgrunnen for utarbeiding av ny dispensasjonsordning.

Kva betyr dette for deg som fruktdyrkar

Mattilsynet oppmodar produsentar av eple og pære til å:

  • Vera på vakt for smitte av pærebrann i frukthagen og i området rundt.
  • Fjerne lett mottakelege vertplanter (bulkemispel og pilemispel) på garden. 
  • Melde frå til Mattilsynet ved mistanke om pærebrann i frukthagen. Ta gjerne kontakt med rådgjevingstenesta før du kontaktar Mattilsynet.

Kontaktinformasjon

Knut Espevig, seniorinspektør i avdeling Agder, e-post: knut.espevig@mattilsynet.no