Nettbasert kurs for fornying av plantevernmiddelautorisasjon
Viss du skal fornye autorisasjonen din, kan du ta eit nettbasert kurs. Du gjennomfører både kurs og eksamen heime, på eigen pc eller nettbrett.
Det er utarbeidd spesialtilpassa kursmateriell innan fagområda korn, fôrvekstar og grøntanlegg, men du kan fornye godkjenninga di ved hjelp av e-læringskurset sjølv om du produserer til dømes grønsaker. Teorien som blir gjennomgått er den same, men døma som blir nytta i e-læringskurset er tilpassa korn, fôrvekstar og grøntanlegg. Vel i så fall den spesialiseringa som passar best til produksjonen din. Spesialiseringane "korn" og "fôr" har fokus på åkersprøytar, mens spesialiseringa "grøntanlegg" har fokus på ryggsprøytar.
Viss du ikkje ønskjer å ta nettbasert kurs for å fornye godkjenninga di, kan du ta kontakt med Statsforvaltaren si landbruksavdeling i fylket ditt. Dei har oversikt over når det er tradisjonelle klasseromskurs.
Ver merksam på at det ikkje er nok å gjennomføre autorisasjonskurset og bestå eksamen for å få kjøpt plantevernmiddel som er berekna for yrkesbruk. Du må også ha rett på autorisasjon i yrket ditt.
Du treng ikkje å fornye autorisasjonsbeviset så snart det har gått ut på dato. Fristen for å fornye autorisasjonen er innan du skal kjøpe/bruke plantevernmiddel neste gong.
Hugs at du må kontakte landbruksforvaltinga i kommunen for å få autorisasjonsbeviset etter bestått eksamen.
- Har du ikkje tatt autorisasjonsbevis tidlegare, og leitar etter rett kurs? Her er kursa for deg som skal ta autorisasjonsbeviset for første gong.
Praktisk informasjon om kurset
Kursavgift og angrerett
Det nettbaserte autorisasjonskurset kostar 950 kroner. Kursavgifta gjeld tilgang til sjølve nettkurset og inkluderer både teori, arbeidsoppgåver og eksamen. Betalinga skjer direkte i nettkurset i samband med påmelding. Det er berre mogleg å betale med kort. Det blir ikkje sendt faktura til kvar enkelt verksemd. Du får ei betalingsstadfesting på e-post etter at du har meldt deg på. Hugs å sjekke søppelposten din viss du ikkje finn stadfestinga.
Dersom du har betalt, men likevel ikkje skulle ønskje å delta på kurset, kan du innan 14 dagar frå påmelding nytte angreretten din. Bruk dette angreskjemaet (PDF). Send det utfylte skjemaet til autorisasjonskurs@mattilsynet.no.
Innlogging og gjennomføring
Innlogging til kurset skjer via ID-porten. Det betyr at du må ha den elektroniske ID-en din (som Minid eller BankID) tilgjengeleg når du skal logge inn. Viss det er første gong du skal bruke elektronisk ID, må du registrere deg som bruker før du kan logge inn og gjennomføre autorisasjonskurset. Det kan du gjere på Difis nettside.
Gjennomsnittleg tidsbruk er estimert til 6-7 timar for gjennomføring av kurset. Gjennomføringstida vil likevel kunne bli lengre dersom du har ei internettlinje med lav kapasitet, eller du ikkje er godt kjend med navigering på internett. Eksamen er tilgjengeleg i 1 ½ time for ordinært kurs, og 2 timar for deg som har krav på utvida eksamenstid.
Logg deg inn, meld deg på og gjennomfør kurset (smartlearn.no)
Teknisk rettleiing
Mattilsynet tilrår at du les igjennom rettleiinga om korleis kurset, kapitteltesten og eksamen fungerer før du startar kurset.
- Hvor skal jeg melde meg på nettbasert autorisasjonskurs for plantevernmidler? (PDF)
- Hvordan fungerer nettbasert autorisasjonskurs for plantevernmidler? (PDF)
- Hvordan fungerer kapitteltesten i nettbasert autorisasjonskurs? (PDF)
- Hvordan fungerer eksamen i nettbasert autorisasjonskurs? (PDF)
- Hvordan tillate pop-up-vinduer? (PDF)
- Hva gjør jeg hvis jeg har krav på utvidet tid på eksamen i nettbasert autorisasjonskurs? (PDF)
Nyttig kursmateriell til bruk i etterkant av kursa
Plantevernmidler – godkjenning og bruk
- Klassifisering av plantevernmidler etter kjemisk struktur og biokjemisk virkemåte (ODS)
- Advarselplakater for bruk av plantevernmidler
- Plantevernjournal