Reguleringsplanar og Mattilsynet sitt fagområde – kva må du tenke på?

I denne rettleiaren får du hjelp til å lage reguleringsplanar og sikre at dei varetar områda Mattilsynet har ansvar for.

Vis endring
  1. Test av endringslogg

    Test av endringsloggTest av endringsloggTest av endringsloggTest av endringsloggTest av endringslogg

Rettleiinga kan vere nyttig både for forslagsstillarar til reguleringsplan, for planarbeidarar i kommunen med ansvar for kommuneplanar og reguleringsplanar, og for politikarar som skal vedta formålstenlege, berekraftige og gode planar.   

Mattilsynet er sektormynde innan drikkevatn, plantehelse, fiskehelse/fiskevelferd og dyrehelse/dyrevelferd og høyringsinstans etter plan- og bygningslova. Vi skal høyrast i alle plansaker som vedgår våre sektorområde.

Vi skal gi faglege råd, innspel og fråsegn undervegs i planprosessen. Dersom våre sektorområde ikkje er tilstrekkeleg vareteke i planen, kan vi fremme motsegn til planen.

Rettleiinga tar utgangspunkt i regelverk og nasjonale forventingar for våre fagområde, slik at de kan vareta desse i heile planprosessen og fram til planen er vedtatt.


Når kan Mattilsynet fremme motsegn til ein reguleringsplan?

Nedanfor forklarer vi når og kvifor Mattilsynet kan komme med motsegn til reguleringsplanar. Målet er å skape ein meir einskapleg forvaltingspraksis og gjere det enklare for dykk å føresjå kva vi legg vekt på i slike saker. 

Mattilsynet kan fremme motsegn innan alle våre sektorområde. I denne rettleiaren fokuserer vi spesielt på motsegner innanfor arealbruk knytte til drikkevatn og akvakultur.

Rundskriv H-2/14 gir dei overordna retningslinjene for bruk av motsegn i plansaker etter plan- og bygningslova. 

Mattilsynet kan fremme motsegn når kommunen planlegg for arealbruk som er i strid med nasjonale og viktige regionale interesser, eller som av andre grunnar er av vesentleg betyding for våre sektorområde. 

Drikkevatn

Her er nokre døme på manglar i planar som kan føre til motsegn knytt til drikkevatn:

  • Nasjonale og regionale føringar for drikkevatn er ikkje varetatt.
  • Det manglar plan for etablering av vassforsyning og handtering av utslepp som sikrar at føresegnene i drikkevassforskrifta vil bli varetatt.
  • Det er ikkje lagt til rette for heilskapleg forvalting av kretsløpet til vatnet med langsiktige løysingar for drikkevatn.
  • Reguleringsplanen manglar nødvendige føresegner som sikrar leveranse av trygt og nok drikkevatn.
  • Reguleringsplanen tillet tiltak som ikkje er i samsvar med omsynssoner og føresegner for beskyttelse av drikkevasskjelder.

Akvakultur

Mattilsynet kan også fremme motsegn knytt til akvakultur, når

  • det ikkje er gjennomførte utgreiingar eller konsekvensvurderingar for helse eller velferd for oppdrett av av akvakulturdyr eller villfisk i planarbeidet
  • planen ikkje tar tilstrekkeleg omsyn til nasjonale føringar for fiskehelse og fiskevelferd - for eksempel avstandar mellom aktivitetar, områdestruktur og biosikkerheit
  • omsynet til villfisk (både anadrom og marin fisk) er mangelfullt varetatt i planen
  • omsynet til mattryggleik for produkt frå fisk eller villfisk ikkje er utgreidd eller tilstrekkeleg varetatt i planen

Dette må vere med når reguleringsplanen sendes til høring

Du som lagar reguleringsplanar, må sikre at planane oppfyller regelverk, nasjonale og regionale forventingar som gjeld for våre fagområde. 

Skildring og føresegner i reguleringsplanen må ta fleire omsyn, både til plantehelse, drikkevatn, dyrehelse/dyrevelferd og fiskehelse/fiskevelferd hos akvatiske dyr.

Det som er omtalt under dei ulike fagområda er ikkje uttømmande, og alt er ikkje aktuelt for alle reguleringsplanar.

Omsyn til drikkevatn

Planen må legge til rette for å kunne etablere nok og trygt drikkevatn gjennom vassforsyningar som innfrir krava i drikkevassforskrifta.

Følgande må derfor komme fram gjennom skildring og føresegner i reguleringsplanen:

  • Det må vere avklart kva løysingar for vassforsyning planområdet skal ha. Løysinga må sikre både nok og trygt drikkevatn. Planen må innehalde ei langsiktig og heilskapleg løysing for vatn, avløp og overvasshandtering for eksisterande og nye tiltak. 
  • Felles vassforsyning er eit mål. Der det ikkje allereie er vassforsyning til planområdet, bør det greiast ut for fellesløysingar for drikkevassforsyning. Løysingane bør, når det er aktuelt, sjåast i samanheng med vassforsyninga i tilgrensande planområde.
  • Viss tiltaka i planområdet skal koplast på eksisterande vassforsyning, må det vere avklart at vald vassforsyning kan levere nok og trygt drikkevatn til både eksisterande og nye tiltak. Nok vatn til sløkkevatn må også vurderast.
  • Ved behov for etablering av ny vassforsyning, eller ved behov for større endringar i eksisterande vassforsyning, skal dette vere plangodkjent av Mattilsynet før utbygging startar. 
  • Drikkevassanlegg og installasjonar knytt til vassforsyning, (større leidningar, drikkevassbasseng, viktige trykkaukestasjonar og liknande) i planområdet, må vurderast med omsyn til behov for omsynssoner med føresegner.
  • Det må vere avklart om det er vassforsyningar, inkludert kjelder og nedbørsfelt, i planområdet. Dette må planen sikre gjennom omsynssoner med føresegner. Både eksisterande og framtidige kjelder må takast omsyn til. Bruk rett omsynssone for råvasskjeldene og dei tilhøyrande tilsigsområda. Hensynssone H110 (nedslagsfelt drikkevatn) skal brukast der vasskjelda er overflatevatn med tilsigsområde, og H120 (område grunnvassforsyning) der vasskjelda er grunnvatn med tilsigsområde.
  • Val av avløpsløysingar har betyding for sikringstiltak og plassering av vasskjelder, og må derfor vere utgreidd i planen.
  • Det bør lagast nødvendige føresegner og rekkefølgekrav i planen for å sikre at tilfredsstillande vassforsyning og leidningsnett er på plass før bygging startar. 
  • Det bør komme fram i planen korleis eigarskap av vass- og avløpsanlegg skal vere. Sjå lov om kommunale vass- og avløpsanlegg.

Lista er ikkje uttømmande, og alle punkt er ikkje aktuelle i alle reguleringsplanar.

Omsyn til plantehelse

Der det er relevant, bør de lage føresegner som kan førebygge overføring av kjent og ukjent smitte med massar av stein, grus, jord med meir.

Ein del planteskadegjerarar og eitt ugras (floghavre) er regulert i lover og forskrifter som Mattilsynet forvaltar. Dette gjeld skadegjerarar som har samfunnsmessige konsekvensar.

Planteskadegjerarar kan spreiast med jordmassar som blir flytta, med vatn, eller med maskiner med jord, frø og andre planterestar. For å hindre smitte og spreiing av plantesjukdommar og planteskadegjerarar bør det bli utforma føresegner i planen som hindrar dette. Dette kan vere føresegner retta mot dei som skal utføre arbeid i planområdet. 

Vi syner til Miljødirektoratet for informasjon og krav retta mot handtering av framande artar. Dette forvekslast ofte med Mattilsynet sitt regelverk.

Bakgrunn for rådet

adfasdf

Omsyn til dyrehelse og dyrevelferd

Planen må sørge for at arealbruk ikkje bidrar til unødige påkjenningar og belastingar for dyr.

Dyr skal beskyttast mot unødige påkjenningar og belastingar. Reguleringsplanen kan gjennom føresegner sikre at omsyn til dyrehelse- og dyrevelferd blir varetatt. For eksempel må utbygging og arealendringar bli gjennomført på ein slik måte at dyr ikkje kan komme til skade.

Reguleringsplanen må også ta tilstrekkeleg omsyn til viktige trekkruter, habitat og viltlevande dyr.

Omsyn til fiskehelse og fiskevelferd hos akvatiske dyr

Kommunen skal følge opp forventingane til regjeringa (forventingspunkt 35). Areala som er avsette til akvakultur, skal vere eigna og vareta omsyn til miljø og andre samfunnsinteresser.

Mattilsynet forventar at reguleringsplanar er i samsvar med overordna planar for kystområda og tar omsyn til våre sektorområde.

I uttale til kystsoneplanar omtaler vi omsynet til helse og velferd hos akvakulturdyr, og omsyn til villfisk.

God områdestruktur er ein føresetnad for god biosikkerheit, førebyggande helsearbeid og beredskap knytt til akvakulturnæringa. Dette bidrar også til god berekraft.

Akvakulturnæringa har eit sjølvstendig ansvar for biosikkerheit og struktur. Gode planprosessar og involvering bør legge til rette for dette ved fokus på forbetring av struktur.

For å hindre smitte mellom vassdrag, og redusere forureinande avrenning og utslepp til vassdrag og råvasskjelder, kan det vedtakast føresegner som sikrar dette i planen.


Forventingar til regional og kommunal planlegging

Drikkevatn er kritisk infrastruktur og må takast omsyn til i all planlegging. Regjeringa legg kvart fjerde år fram nasjonale forventingar til regional og kommunal planlegging.

På nettsidene til regjeringa kan du lese heile dokumentet:

Nasjonale forventninger til regional og kommunal planlegging 2023–2027 (regjeringen.no)

Det er viktig at vassførekomstar som blir brukte til vassforsyning, blir beskytta mot forureining. Slik sikrar vi befolkninga tilstrekkelege mengder helsemessig trygt drikkevatn til kvar tid.

I kapittel 6 "Samfunnstryggleik og beredskap" i dokumentet frå regjeringa står det følgande om reint og trygt drikkevatn:

  • Kommunane har ansvar for å sikre hushald og næringslivet tilgang på tilstrekkelege mengder helsemessig trygt drikkevatn.
  • Vassførekomstar som blir nytta til vassforsyning, må vernast mot forureining med omsynssoner med tilhøyrande føresegner.
  • Vern av vassførekomstar skal også bidra til å redusere behovet for reinsing av drikkevatn.
  • Robuste vassforsyningar er avgjerande for samfunnssikkerheit. 
  • Sikring av drikkevasskjelder og areal til infrastruktur for vatn og avløp er ein viktig del av kommunale planar. 
  • Det er viktig at den kommunale sektor- og arealplanlegginga blir sett i samanheng.

Presisering av forventingane

Regjeringa presiserer forventingane sine til kommunane innanfor Mattilsynets sektorområde drikkevatn og akvakultur.

Drikkevatn

Forventingspunkt 71

"Drikkevassforsyninga i kommunen skal vere med i vurderinga av samfunnstryggleik i samfunnsdelen og arealdelen i kommuneplanen. Drikkevasskjelder blir tekne omsyn til og sikra i planlegginga, blant anna for å redusere behovet for vassreinsing.."

Forventingspunkt 61

"Samfunns- og arealplanlegginga blir samordna med planlegging av vassforsyning og avløp, medrekna overvasshandtering og vurdering av naturbaserte løysingar."

Akvakultur

Forventingspunkt 35

"Det blir sett av tilstrekkelege og eigna nye areal for akvakultur gjennom oppdaterte regionale og kommunale planar for kystområda, som også kan omfatte utvikling av akvakultur utanfor kysten og landbasert akvakultur. Planane varetek miljøomsyn og andre samfunnsinteresser."


Nasjonale mål for vatn og helse - føringar for planarbeidet

Noreg har nasjonale mål for vatn og helse som, saman med regelverk, gir føringar for arbeidet med å sikre nok og trygt drikkevatn.

Vassverkseigarar og kommunar skal følge opp dei nasjonale måla.

Mattilsynet ser på beskyttelse av drikkevasskjelder, leveringstryggleik  og utbetring av leidningsnettet som særleg viktige mål. I tillegg er det sett mål for offentlege avløpssystem og avløpsreinsing.

Utgangspunktet for dei nasjonale måla er ein internasjonal avtale som forpliktar Noreg til å bidra til nok og trygt drikkevatn og tilfredsstillande sanitærforhold for alle. Dei nasjonale måla blei revidert og vedtatt i februar 2024, saman med ein ny gjennomføringsplan som går på tvers av sektorar. Dei nasjonale måla er knytta til ulike område der det er viktig med forbetring eller endring. Gjennomføringsplanen beskriv tiltak for å oppnå måla. 

Målsettingane er bygde opp slik:

  • Måla er tematisk formulert for å vise kva ein ønskjer å få til på eit overordna  nivå.
  • Indikatorane er valt for å gjera det mogleg å vurdera status og måloppnåing.
  • Kriteriet er ei konkretisering av når eit mål er nådd.  Konkrete og tydelege formulerte kriterium vil bidra til at dei nasjonale måla vil vere enklare å bruke i praktisk arbeid.

Døme

Mål: Distribusjonssystemet for drikkevatn skal bli fornya, ikkje forfalle
Indikator: Andelen årleg fornying av distribusjonssystemet 
Kriterium: 1,2 % fornying i gjennomsnitt nasjonalt innan 2033. 2 % fornying i vassforsyningar der tilstanden på distribusjonssystemet krev det.

Utdrag frå målsettingane i nasjonale mål for vatn og helse

Det er sett 25 nasjonale mål for vatn og helse. Dette er mål 1 – 14, som handlar om drikkevatn.

  1. Ingen skal bli sjuke av drikkevatnet
  2. Drikkevatn skal ikkje ha mikrobiologiske avvik
  3. Drikkevatn skal ikkje ha kjemiske og sensoriske avvik
  4. Alle vassførekomstar med uttak av drikkevatn skal vere beskytta mot forureining
  5. Kommunal samfunnsplanlegging skal sikre innbyggarane trygt drikkevatn og drikkevassomsyn skal vere ivaretatt i arealplanlegginga
  6. Kommunane skal ha heilskaplege planar og tiltak som ser vatn, avløp og arealbruk i samanheng
  7. Drikkevassforsyningar skal ha vassbehandling som er tilpassa variasjonar i vasskvaliteten
  8. Lekkasje av drikkevatn skal reduserast
  9. Distribusjonssystemet for drikkevatn skal fornyast, ikkje forfalle
  10. Det skal ikkje være uventa brot i drikkevassforsyninga
  11. Kommunane si overordna risiko- og sårbarheitsanalyse skal ta vare på tryggleiken i drikkevassforsyninga
  12. Kommunen sitt beredskapsplanverk skal sikre alternativ drikkevassforsyning for alle, om nødvendig gjennom samarbeid
  13. Befolkninga skal få informasjon om drikkevatnet dei får levert
  14. Vassførekomstar skal ha god kjemisk og økologisk tilstand

Revidering av måla blei initiert og leia av Helse- og omsorgsdepartementet (HOD), Klima- og miljødepartementet (KLD), Kommunal- og distriktsdepartementet (KDD) og Justis- og beredskapsdepartementet (JD).

Les meir og sjå alle dei 25 måla og gjennomføringsplanen: Nasjonale mål for vann og helse med gjennomføringsplan (regjeringen.no) 


Kva seier drikkevassforskrifta?

Drikkevassforskrifta inneheld føresegner som er relevante for kommunen som planmynde.  Desse føresegnene må også du som lagar ein reguleringsplan, kjenne til. 

Reguleringsplanen skal syne at det er mogleg å levere tilstrekkelege mengder trygt drikkevatn til kvar tid. Reguleringsplanen må vise at det blir lagt til rette for at planområdet vil ha ei vassforsyning som oppfyller krava i drikkevassforskrifta. Dersom dette ikkje går fram av reguleringsplanen, kan Mattilsynet framme motsegn til planen. 

Forskrifta stiller blant anna krav til vasskvalitet og vassmengde, beskyttelse av tilsigsområde og vasskjelde, leveringssikkerheit og drift. 

Det er spesielt drikkevassforskrifta si § 4 om forureining, § 9 om leveringssikkerheit, § 12 om beskyttelse og § 26 om pliktene for kommunen, du må forhalde deg til når du skal lage reguleringsplanar for kommunen. 

§ 4 om forureining

Denne føresegna gjeld for absolutt alle.

  • Ingen har lov til å forureine drikkevatnet. 
  • Forbodet gjeld ikkje berre direkte forureining. 

Når reguleringsplanar blir utarbeidde og vedtatte, betyr det at kommunen må sikre at reguleringsplanen ikkje bidrar til svekking av drikkevasskjelder. Det kan for eksempel vere gjennom å lage føresegner i reguleringsplanen som beskyttar drikkevasskjelder og tilsigsområde.  

Sjå også kapittelet "§ 4 Forurensning" i Veileder til drikkevannsforskriften.

§ 9 om leveringssikkerheit

Kommunen har eit sjølvstendig ansvar for å sikre befolkninga trygt drikkevatn.

Dette må varetakast i reguleringsplanar ved at det kjem fram av planen korleis planområdet skal sikrast leveranse av nok og trygt drikkevatn.  

Sjå også kapittelet "§ 9-4 Kommunenes ansvar for trygt drikkevann" i Veileder til drikkevannsforskriften.

§ 12 om beskyttelse

Vassverkseigar har plikt til å beskytte heile vassforsyningssystemet mot forureining.

Det betyr at kommunen må kjenne til kor det er vassforsyningsanlegg og vasskjelder, slik at desse kan beskyttast gjennom omsynssoner og føresegner i reguleringsplanen. 

Du som lagar reguleringsplanar, må også gjere deg kjent med dette. Det er viktig å innhente opplysingar både frå eventuelle vassverkeigarar og kommunen. 

Sjå også kapittelet" § 12 Beskyttelsestiltak" i Veileder til drikkevannsforskriften.

 

§ 26 om kommunen si plikt

Denne føresegna rettar seg mot kommunar som planmynde og det ansvaret kommunen har for å sikre befolkninga helsemessig trygt drikkevatn.

  • De skal ta drikkevassomsyn i planarbeidet. Det betyr at reguleringsplanane må vise at løysingar for nok og trygt drikkevatn er varetatt. 
  • De skal vurdere behovet for restriksjonar. Det betyr at drikkevasskjelder skal vere beskytta med omsynssoner og føresegner om nødvendig. 
  • De skal ha oversikt over vassforsyningssystem i eigen kommune. Dette for å sikre at drikkevasskjelder blir tatt omsyn til i nødvendig grad.  

Sjå også kapittelet "§ 26 Kommunens plikter" i Veileder til drikkevannsforskriften.


Plan- og bygningslova og reguleringsplanar

Plan- og bygningslova inneheld krav og pliktar som er relevante for Mattilsynet sine fagområde når det gjeld reguleringsplanar.

Mattilsynet skal involverast i alle plansaker som gjeld våre fagområde. Vi skal gi faglege råd, innspel og høyringsfråsegner undervegs i planprosessen. Dersom våre sektorområde ikkje er tilstrekkeleg varetatt i planen, kan vi fremme motsegn til planen. 

Sjå heile plan- og bygningslova: Plan- og bygningsloven (lovdata.no)

 

Pbl § 4-2 om planskildring og konsekvensutgreiing

Plan- og bygningslova § 4-2 handlar om planskildring.

Første ledd i denne paragrafen seier at

"Alle forslag til planer etter loven skal ved offentlig ettersyn ha en planbeskrivelse som beskriver planens formål, hovedinnhold og virkninger, samt planens forhold til rammer og retningslinjer som gjelder for området."

Det betyr at reguleringsplanar må vere tilstrekkeleg utgreidd før planane kjem til første gongs høyring, slik at vi som sektormynde kan vurdere saksområda våre. Blant anna skal vass- og avløpsløysingane vere utgreidd og beskrivne i planbeskrivinga. Her kan det vere tilvising til ein gitt VA-rammeplan eller at reguleringsplanen har ein eigen VA-plan.

Pbl § 3 -1 bokstav i) om heilskapleg forvalting av kretsløpet til vatnet

Plan- og bygningslova seier at reguleringsplanar skal legge til rette for heilskapleg forvalting av kretsløpet til vatnet, med nødvendig infrastruktur.

I plan- og bygningsloven - pbl § 3-1 bokstav i) (lovdata.no) står det:

"Planleggingen skal fremme helhet ved at sektorer, oppgaver og interesser i et område ses i sammenheng gjennom samordning og samarbeid om oppgaveløsning mellom sektormyndigheter og mellom statlige, regionale og kommunale organer, private organisasjoner og institusjoner, og allmennheten."

Det betyr at plandokumenta skal beskrive ei heilskapleg forvalting, av heile planområde, vurdere vatn, overvatn og avløp samla og legge til rette for infrastruktur som varetar kretsløpet til vatnet utan forureining av råvatnet.

Under bokstav i) i pbl § 3-1 legg vi i Mattilsynet vekt på at reguleringsplanen må ha ein gjennomarbeidd plan for etablering av vassforsyning og handtering av utslepp, for heile planområdet. Slik kan vi som sektormynde vurdere korleis føresegnene i drikkevassforskrifta vil bli varetatt.

Det betyr at kommunen også må greie ut korleis avløpsløysingane vil påverke vassforsyningane innanfor planområdet. For eksempel vil mange avløpsanlegg kombinerte med mange brønnar auke farane for forureining av drikkevatnet. For å redusere farane for forureining må det settast inn tiltak for å etablere løysingar for avløp som ikkje kjem i konflikt med tilsigsområdet til brønnane.

Pbl § 5-4, 4. ledd, om bruk  av motsegn

Mattilsynet kan fremme motsegn til reguleringsplanen dersom den har manglar innanfor våre sektorområde.

Dette står i plan- og bygningsloven § 12-13, jf. § 5-4 4 ledd (lovdata.no)

Motsegn knytt til drikkevatn

Her er nokre eksempel på manglar som kan føre til motsegn:

  • Nasjonale og regionale føringar er ikkje varetatt.
  • Det manglar plan for etablering av vassforsyning og handtering av utslepp som sikrar at føresegnene i drikkevassforskrifta vil bli varetatt.
  • Det er ikkje lagt til rette for heilskapleg forvalting av kretsløpet til vatnet med langsiktige løysingar for drikkevatn.
  • Reguleringsplanen manglar føresegner som sikrar leveranse av trygt og nok drikkevatn.
  • Reguleringsplanen tillet tiltak som ikkje er i samsvar med omsynssoner og føresegner for beskyttelse av drikkevasskjelder.

Motsegn knytt til akvakultur

Mattilsynet kan også fremme motsegn knytt til akvakultur, når

  • det ikkje er gjennomført utgreiingar eller konsekvensvurderingar for helse eller velferd for oppdrett av akvakulturdyr eller villfisk i planarbeidet
  • planen ikkje tar tilstrekkeleg omsyn til nasjonale føringar for fiskehelse og fiskevelferd - for eksempel avstandar mellom aktivitetar, områdestruktur og biosikkerheit
  • omsynet til villfisk (både anadrom og marin fisk) er mangelfullt varetatt i planen
  • omsynet til mattryggleik for produkt frå fisk eller villfisk i planområdet ikkje er utgreidd eller tilstrekkeleg varetatt i planen

Pbl § 27-1 om at drikkevatn må vere på plass til rett tid

Vassforsyning må vere på plass før bygningar til opphald for menneske og dyr, blir ført opp eller blir tatt i bruk. 

Dette står i plan- og bygningsloven § 27–1 (lovdata.no).

Det betyr at det må vere tilgang til nok og trygt drikkevatn som oppfyller krava i drikkevassforskrifta, før bygningen blir ført opp eller blir tatt i bruk. Dette gjeld enten det blir planlagt for innlagt vatn, eller for enklare standard (vasspost eller vatn til vegg).

Pbl § 30-6 om fritidsbustad


Nyttige lenker