Gratis kurs for veterinærar i rett antibiotikabruk til dyr

Ta Mattilsynet sitt gratis e-læringskurs for å setje deg inn i eller oppdatere deg på korleis du bruker antibiotikum forsvarleg. Kurset er obligatorisk for studentar som skal ha midlertidig lisens.

Publisert

Mattilsynet har laget det gratis e-læringskurset "Berre når det trengst – rett bruk av antibiotikum til dyr". Hovudmålgruppa er veterinærstudentar, men også ferdig utdanna veterinærar kan ha nytte av å oppdatere seg på dette området for å sikre at dei følgjer dyrehelsepersonellova og veterinærar si plikt til å utøve fagleg forsvarleg verksemd. I 2023 jobbar vi med å oppdatere kurset.

Slik fungerer kurset

E-læringa består av fem modular. Dei to første modulane tek for seg utviklinga i førekomsten av antibiotikaresistens og korleis ting heng saman lokalt og globalt. Dei tre siste er casar om antibiotikabehandling av ku, hund og hest. Du kan ta kurset i fleire etappar. For dei som ønskjer det kan kurset blir avslutta med ein test som gir dokumentasjon på at det er gjennomført.

Kurset ligg på NMBUs læringssystem Canvas (nmbu.no). Ta kontakt med NMBU dersom du treng å opprette ein brukar. I dag må du ha norsk personnummer for å kunne få brukar i Canvas. NMBU jobbar med å finne ei løysing så også dei som ikkje har norsk personnummer kan ta kurset og testen.

Obligatorisk for studentar med midlertidig lisens

Både kurset og testen som følgjer er obligatorisk for veterinærstudentar som skal ha mellombels lisens etter forskrift om adgang for viderekomne veterinærstudenter til å utføre kortvarig assistenttjeneste (lovdata.no).

Desse har samarbeidd om kurset

Kurset er eitt av tiltaka i Landbruks- og matdepartementet sin handlingsplan mot antibiotikaresistens og er laget i samarbeid med Den norske veterinærforening, Noregs miljø- og biovitskaplege universitet, Statens legemiddelverk, Animalia og Veterinærinstituttet.