Mattilsynet fører tilsyn med dyrehelsepersonell
Mattilsynet fører tilsyn med at dyrehelsepersonell følgjer regelverket i verksemda si. Regelverket definerer "dyrehelsepersonell" som veterinærar, fiskehelsebiologar og dyrepleiarar.
Vi fører både planlagde tilsyn og tilsyn for å følgje opp meldingar vi har fått om moglege pliktbrot. Det er som regel Mattilsynets avdelingskontor som gjennomfører tilsyna. Regelverket vi følgjer opp er dyrehelsepersonelloven og forskriftene som høyrer til han.
Viss Mattilsynet avdekkjer regelverksbrot ved tilsyna, kan vi følgje opp brota ved å påleggje dyrehelsepersonellet å endre verksemda si slik at denne blir i samsvar med loven.
Alvorlege, omfattande eller fleire regelverksbrot kan føre til at vi gir dyrehelsepersonellet ei åtvaring, eller at vi tek frå dei rekvireringsretten eller autorisasjonen sin. Vi kan også politianmelde forholdet.
Når Mattilsynet gjer vedtak i samband med tilsyn, kan dyrehelsepersonellet klage på vedtaket.