Dyresjukdommar - kven har ansvar for kva?
Alle har ansvar for å melde frå
Alle har ansvar for å unngå å spreie smitte av dyresjukdommar, og å melde frå Mattilsynet ved mistanke om smittsam dyresjukdom som kan gi vesentlege samfunnsmessige konsekvensar: Melde om smittsam dyresjukdom
Næringsretta dyrehald skal ha oppdatert kompetanse
Det kravet om at dyrehaldarar i næringsretta dyrehald skal ha gjennomført eit kurs i dyrehelse: Du må ha kompetanse om sjukdom og smittevern
Mattilsynet har ansvar for beredskap og tiltak
Mattilsynet har ansvar for beredskap, risikohandtering og tiltak mot dyresjukdommar. Mattilsynet set mellom anna i verk overvaking, kartlegging, tiltak (mellom anna fastsetjing av vernesoner og avliving), importforbod og deltar i internasjonale forum.
Veterinærinstituttet har ansvar for risikovurderingar
Veterinærinstituttet har ansvar for risikovurdering knytt til dyresjukdom, dei analyserer prøver tatt i Noreg og har ansvar for ulike overvakingsprogram, sjå www.vetinst.no
Helsedirektoratet skal førebyggje smitte til menneske
Helsedirektoratet, har ansvar for beredskap, handtering og kamp dersom dyresjukdommar blir spreidde til menneske. Direktoratet har styresmakt på sosial- og helselovgivingsområdet og kan setje i verk førebyggjande tiltak i samfunnet, sjå Helsedirektoratets nettsider (helsedirektoratet.no)
Folkehelseinstituttet har ansvar for overvaking av sjukdom hos menneske
Folkehelseinstituttet har ansvar for overvaking av sjukdom hos menneske, rådgiving om smittevern for menneske og vaksineberedskap. Instituttet deltek i internasjonale overvakingsnettverk innan smittevern og gir råd og informasjon til helsestyresmaktene, helsetenesta og publikum om sjukdom, smitte, smittevern og vaksinasjon, sjå www.fhi.no