Ver varsam med ferskvassbehandling mot lakselus og AGD

Gjentatte ferskvassbehandlingar kan auke lakselusa sin toleranse for ferskvatn.

Publisert

Dette kan få konsekvensar for resistensutvikling både i oppdrettsanlegg og for villfisk. Oppdrettarar må derfor bruke ferskvassbehandlingar med varsemd for å unngå resistens.

Slik bør de bruke ferskvassbehandling

  • Ikkje bruk metoden meir enn to gonger per år. Det blir rekna som uforsvarleg å bruke metoden på etterfølgjande generasjonar av lakselus (behandlingar mot AGD og lus til saman).
  • All behandling i området må stoppast viss lakselusa viser teikn til auka toleranse for ferskvatn.
  • Metoden bør brukast tidleg i infeksjonsforløpet sidan toleransen er lågast i dei tidlege stadia.
  • Ferskvassbehandling føreset at ein bruker sensibilitetstestar for lakselus aktivt

Grunngiving

Risikovurderingar frå Veterinærinstituttet, Noregs miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU), Universitetet i Bergen/Sea Lice Research Centre og Havforskingsinstituttet utarbeidd på oppdrag frå Mattilsynet viser at:

  • Bruk av ferskvatn gir auka risiko for at lakselus kan endre toleranse for ferskvatn.
  • Det er sannsynleg at seleksjon gjennom auka bruk av ferskvassbehandlingar kan endre toleransen i populasjonen, slik at fleire lakselus vil tole lågare saltinnhald over lengre tid.
  • Lakselus vil sannsynlegvis ikkje reprodusere seg i ferskvatn.


For viltlevande sjøaure og røye kan dette føre til:

  • redusert moglegheit for avlusing ved periodevise opphald i vatn med lågt saltinnhald
  • høgare lusepåslag
  • negativ påverking på bestandane dersom problemet blir stort nok

Risikoen er mindre for utvandrande laks, men effekten er negativ også for utvandrande laks.

Overvaking av resistens hos lakselus og bestilling av ny risikovurdering

Veterinærinstituttet har sidan 2019 undersøkt resistens hos lakselus mot ferskvatn. I nokre år har overvakinga vist tendensar til høgare ferskvasstoleranse i områda med høgare bruk av ferskvassbehandlingar, medan overvakinga i 2022 viste ingen slike samanhengar.

Mattilsynet har bestilt ein ny risikovurdering frå Havforskningsinstituttet og Veterinærinstituttet for å sjå om resultata frå overvakingsprogrammet, nyare forsking og auka bruk gjev grunnlag for føre vidare tilrådingane, eller om det må setjast i verk nye tiltak for å avgrense bruk av ferskvatn til avlusing.