Fritidsfiske og dyrevelferd

Dyrevelferdslova gjeld også for villfisk, krabbar, hummar og kreps. Dette inneber at vi på masse på at lidingane og påkjenningane til fisk og krabbar blir minst mogleg ved fangst og avliving.

Publisert

Innhald på denne sida

  1. Fang og slepp
  2. Du må sette ut fisk under minstemål og kveite over to meter
  3. Avliving av fisk

Fritidsfiske skal vere forankra i prinsippet om hausting av eit overskot i naturen, der fangsten samtidig utgjer ein verdifull matressurs.

Når vi fiskar for å skaffe oss mat, er det akseptert at fisken blir utsett for visse påkjenningar. Likevel må vi sørgje for at påkjenningane ikkje blir større enn nødvendig. Fritidsfiskarar kan med enkle grep sørgje for god fiskevelferd.

For å redusere påkjenninga til fisk er det viktig å velje rett reiskap og fiskemetode.