Forbode å tilsetje bly og andre tungmetall i kosmetikk
Det er forbode å tilsetje tungmetall som kvikksølv (Hg), bly (Pb) og kadmium (Cd) i kosmetikk og kroppspleieprodukt. Spormengder som ikkje kan unngåast ved bruk av god framstillingspraksis (GMP), er tillatne.
Tungmetalla bly, kvikksølv og kadmium er på lista over stoff som er forbodne ingrediensar i kosmetikk. Nokre få kvikksølvsamband er likevel tillatne i veldig små mengder som konserveringsmiddel. Stoff på denne lista kan likevel inngå i produkt som ein uunngåeleg sporførekomst.
Bly, kvikksølv og kadmium finst gjerne i pigment (fargestoff). Viss produsentar av leppestiftar eller annan dekorativ kosmetikk med pigment kan få tak i pigment så å seie heilt fritt for til dømes bly, så produserer dei i samsvar med kravet om GMP – elles ikkje.
Mattilsynet kan forby kosmetikk som inneheld så mykje bly at det er openbert at produsenten ikkje har respektert GMP-kravet.
Regelverk
Kosmetikklova
Forskrift om kosmetikk og kroppspleieprodukter
Kilde: Lovdata.no