Solkrem
Solkrem er krem som blir smurd på huda for å forhindre solbrendheit.
Krav til solkrem
Ein solkrem må verne både mot UVA- og UVB-stråling. Begge strålingstypane er rekna for å ha noko å seie for hudkreft.
Når du kjøper solkrem, bør du sjekke at solkremen også vernar mot UVA-strålar. SPF (Sun Protection Factor) angir berre vernet mot UVB-stråling. Ein solkrem bør ha eit UVA-vern på minimum ein tredel av UVB-vernet.
Døme: Ein solkrem med SPF 30 bør ha UVA-vern på minimum 10. Mange solkremar er merkte med ein sirkel der det står UVA inni. Dette er eit symbol bransjen bruker for å vise at produktet oppfylle minstekravet til UVA-vern.
Sjå Mattilsynets analysar og merkevurdering av solkrem 2018
Sjå også Kreftforeningens solråd som minskar risiko for hudkreft
Krav til solvernprodukt
I 2006 kom Europakommisjonen ut med tilråding om betre solvernande produkt. Krava til produkta er mellom anna at dei skal ha både UVA- og UVB vern, der UVA-faktoren skal vere minst 1/3 av den konvensjonelle solfaktoren (SPF). Vernet skal også vere breispektra med ei kritisk bølgjelengd på minst 370 nm.
Sjå Europakommisjonens tilrådning (PDF)
Sjå risikovurdering frå Vitenskapskomitteen for mattryggleik: UV-stråling og bruk av solkrem
Kva betyr SPF som blir angitt på kosmetiske produkt?
Mange kosmetiske produkt er merkte med SPF (Sun Protection Factor) utan at dei primært er eit solkremprodukt.
Døme er dagkremer, brunkremer, pudder etc. Produsentene ønskjer å opplyse om kva SPF- vern som blir gitt ved bruk av desse produkta.
Så lenge produkta ikkje er merkte med «solkrem», kan produsentane oppgi solfaktor (SPF) på ein slik måte. SPF-merkinga gir ein indikasjon på vern mot UVB (med eller utan UVA vern). Produsenten treng då ikkje å ta omsyn til EUs soltilrådningar. I slike tilfelle er det viktig at produktet inneheld informasjon som gjer tydeleg at det ikkje er eigna som einaste solvern ved soling. Det skal heller ikkje vere påstandar om noko anna i den retninga.
Dersom produktet også har UVA dekning lik EUs tilrådingar (min 1/3 del av UVB), merket med UVA merka, og merket med «solkrem» vil produktet definerast som solkrem, med forventing om at det følgjer EUs soltilrådingar med tanke på merking.