Kva gjer du med muggen mat?

Muggen mat kan innehalde muggsoppgifter, og hovudregelen er at mat med mugg bør kastast. Unntaka er hard ost og grønsaker som har fått små og godt avgrensa muggflekker. Her kan muggen skjerast bort, men sørg for å skjere bort rikeleg rundt muggflekkene.

Publisert

Hard ost

Muggflekker på hard ost kan skjerast bort med god margin, minimum éin cm rundt det mugne området. Mjuk ost med mugg bør kastast.

Kjøtt, fisk og pålegg

Slik mat med mugg bør kastast.

Brød

Unngå å ete brød som har mugna.

Grønsaker

Mugg på grønsaker kan skjerast bort med god margin.

Frukt og bær

Kast frukt og bær som er mugne eller rotne. Bruk berre friske frukter eller bær til syltetøy, saft, mos og most (til dømes eplemost).

Syltetøy

Syltetøy med mugglag bør kastast. Dersom ein vil unngå mugg på syltetøy, kan ein fryse ned syltetøyet i mindre porsjonar.

Saft og juice

Slike produkt med mugg bør kastast.

Nøtter

Mugne nøttekjernar bør kastast. Ver spesielt merksam på om paranøtter er mugne i midten.

Om muggsopp og muggsoppgifter

Sopp er blant dei nedbrytande organismane i naturen. Omtrent 100 000 forskjellige soppartar er kjende til no, men ein reknar med at det er mange fleire. Muggsoppane er mikrosoppar, og det er denne typen sopp vi finn som kvite, grøne eller gråbrune flekker eller koloniar i matvarer. Mange soppartar produserer giftstoff (toksin) for å verne seg mot omgivnadene. Muggsoppgifter kallar vi mykotoksin.

Mykotoksin kan dannast når muggsopp veks på mat eller fôr. Nokre mykotoksin finst berre i sjølve muggkolonien, men dei fleste blir skilde ut også ut i maten via sopphyfar/mycel. Dei fleste mykotoksina toler godt varmebehandling, og generelt gjeld det at når mykotoksin først er til stades i eit fôr- eller næringsmiddel, blir det der når det blir foredla og lagra vidare.

Mykotoksin kan verke negativt på forskjellige organ i kroppen, alt etter kva mykotoksin det dreier seg om. Dei fleste av desse giftene har langsiktige effektar, men større dosar kan til dømes gi akutte magesymptom og akutt nedsett immunforsvar. Stoffa kan på lang sikt svekkje immunforsvaret og vere kreftframkallande. Enkelte av dei kan vere gentoksiske og føre til varige skadar på gena/arvestoffet.

Muggsoppsporar finst naturleg i omgivnadene og på overflata av korn, frukt og bær. For å hindre eller forseinke muggvekst i næringsmiddel kan ein til dømes sørgje for å oppbevare tørre produkt som mjøl, korn, brød og andre kornprodukt i tørre omgivnader.