Årsrapport 2021 for OK-programmet Importerte trelevende insekter
Rapporten skildrar resultat frå 2021-delen av eit overvakings- og kartleggingsprogram som blir gjennomført for å kunne respondere raskt dersom alvorlege skogsskadegjerarar blir introdusert til Noreg.
Rapporten informerer også om beredskapslager av feller og luktstoff/attraktantar/feromon for innsamling av skadeinsekt i skog.
- Kva blei undersøkt?
I 2021 undersøkte vi 20 lauvskoglokalitetar i sør-Noreg for symptom på åtak av nye, alvorlege skogsskadegjerarer. Skog rundt avfallsplassar og oppsamlingsplassar for trevirke og treemballasje var prioritert ut frå risiko for introduksjon. I tillegg har vi prøvd ut innsamlingsmetodar og etablert beredskapslager av luktstoff/attraktantar/ feromon for framtidig bruk ved innsamling av skadeinnsekt.
- Tidsrom
- 2021
- Kva leita vi etter?
- Alvorlege skadegjerarar som hittil ikkje er observert i norsk skog.
- Gode metodar for å samle inn aktuelle insekt, rask identifikasjon samt kunnskap om skadebilete på nye alvorlege skogsskadegjerarar som kan følgje med import av trelast og treemballasje til Noreg.
- Kva fann vi?
- Ingen symptom eller funn av «nye» alvorlege skadeinsekt i skog.
- To aktuelle insektsfeller som fungerte godt og som vi kan bruke i framtidig kartlegging
- Effektiv metode for å henge insektsfeller opptil 5 meter over bakken i skogstre ved bruk av teleskopstang.
- Luktstoff/attraktantar/feromon for eit breiare spekter av alvorlege skogsskadegjerar (trebukker, barkebiller, praktbiller mm) er samla inn, prøvd ut og lagt i beredskapslager på frys.
- Kven utførte oppdraget?
NIBIO i samarbeid med inspektørar frå Mattilsynet
- Fil