Produksjon av egg og eggprodukt

Egg skal vere produsert, merka og selt i samsvar med regelverket i alle ledd, frå egget kjem ut av høna til forbrukaren kjøper produktet.

Publisert

Innhald på denne sida

  1. Registrering eller godkjenning
  2. Dette kan du gjere som registrert primærprodusent av egg
  3. Hygienereglar for eggpakkeri
  4. Internkontroll
  5. Kvalitet på egg som skal seljast
  6. Sortering av størrelse på egg
  7. Temperatur 
  8. Haldbarheit på egg 
  9. Merking av egg
  10. Salmonellakontroll av egg

Om du sel egg, har du ansvar for at egga du sel er trygge og har god kvalitet.


Registrering eller godkjenning

Alle som driv med næringsmiddelverksemd skal enten registrere verksemda eller få verksemda godkjent.

Eggprodusentar må registrere seg 

Som eggprodusent kan du selje små mengder egg upakka som lausvektvare og direkte til forbrukar frå gard, frå lokale marknader og frå lokale butikkar. Produksjon og oppsamling av egg hos produsenten (ikkje pakking) blir regna som primærproduksjon og treng ikkje godkjenning. Du må registrere salet i skjematenesta til Mattilsynet. 

Eggpakkeri og eggproduktverksemder treng godkjenning 

Eggpakkerier og eggproduktverksemder er godkjenningspliktige, fordi egg er ei animalsk vare.   

Mindre eggpakkeri kan få unntak frå regelen om godkjenning og skal da registrerast. Som registrert eggpakkeri kan du selje egg direkte til sluttforbrukar og i tillegg høgst 600 kg pr. veke (9600 hønseegg) til andre detaljistar i lokalområdet. Sel du meir enn dette, må du søkje om godkjenning. Som godkjend verksemd er det tilleggskrav om merking med godkjenningsnummer.  

Sjå kvifor du må registrere eller få godkjent verksemda di.

Slik gjør du

Treng du registrering eller godkjenning for eggpakkeri eller eggproduktverksemd, kan du registrere deg i skjematjenesta:

Registrering av næringsmiddelverksemd

Du skal vere registrert eller godkjent hos Mattilsynet om du importerer, håndterer, lagrar eller omset næringsmiddel.

Du registrerer deg ved å bruke skjemaet "Ny matbedrift og/eller import, produksjon og engrossalg av matkontaktmaterialer" i Mattilsynet si skjemateneste.

Skjemaet skal også brukast dersom du vil utvide aktiviteten i ei allereie eksisterande verksemd og starte med ein ny aktivitet som ikkje er registrert.

Skjematenesta til Mattilsynet

Regelverk


Dette kan du gjere som registrert primærprodusent av egg

Når du har registrert verksemda hos Mattilsynet kan du 

  • selje egga direkte til privatpersonar (sluttforbrukar) frå garden eller på marknad, for eksempel torg eller REKO-ring. 
  • selje egga til butikkar i nærområdet

Du kan selje egga i laussal (på brett utan innpakning eller f.eks. frå kurv). 

Du kan vaske egga, men du kan ikkje selje egga ferdigpakka, for eksempel i lukka kartong. Skal du pakke egga, må du forhalde deg til reglane for eggpakkeri. Da må du blant anna sortere egga etter storleik og kvalitet, følgje hygieneregler og sørgje for korrekt merking av egga.

Regelverk


Hygienereglar for eggpakkeri

Skal du sortere og pakke egga, er verksemda di eit eggpakkeri. 

For eggpakkeri gjeld dei generelle hygienereglane.  

Regelverk


Internkontroll

Det er ulike krav til internkontroll for primærprodusentar av egg og eggpakkeri og eggproduktverksemder.

Eggprodusentar må ha kontroll med farar

Eggprodusentar skal ha dokumentasjon på kontroll med farar. Du skal ha kontroll med farar som riktig handtering og lagring av egga, rent vatn, trygt fôr, førebygging av smittsame sjukdommar, skadedyrkontroll, riktig vasking av egg osv. Du skal sikre at egga er beskytta mot forureining idet det tas omsyn til all seinare foredling.

Les meir: 

Eggpakkeri og eggproduktverksemder må ha styringssystem

Eggpakkeri og eggproduktverksemder har etter matlova ansvar for å sikre og kontrollere at produkta de omset er trygge. Godt styringssystem er viktig for trygg matproduksjon. 

Du skal ha eit styringssystem som fungerer tilfredsstillande. God styring og gode rutinar sikrar rett handtering av egg og at produkta har jamn kvalitet. Styringssystemet ditt er også eit hjelpemiddel verksemda har for å etterleve krava i regelverket. 

HACCP-krava bør vere så fleksible at dei kan anvendast i alle situasjonar, også i små føretak. 

Sjå meir i denne innføringa i internkontroll og HACCP


Kvalitet på egg som skal seljast

Egga skal vere reine og tørre. Dei skal vere beskytta mot sollys, framand lukt og støyt under handtering, lagring og transport. 

Kriterier for egg med riktig kvalitet (klasse A):  

  • Skal og kutikula (ytre hinne) har normal form og er rein og uskadd. 
  • Luftblæra er ikkje over 6 mm. 
  • Plomma er i midten og utan tydeleg omriss. Ved dreiing flytter ikkje plomma seg merkbart frå midten og kjem raskt tilbake til sentrum av egget 
  • Eggekvita er klar og gjennomsiktig. 
  • Kimplet (streng som held plomma midt i egget) er ikkje synleg utvikla. 
  • Egget har ikkje framande delar (t.d. blodegg). 
  • Egget har ikkje framand lukt. 
     

Gjennomlysing av egga er ein god måte å sikre riktig kvalitet. 

Regelverk


Sortering av størrelse på egg

Egg vert sortert etter fire vektklassar.

  1. XL: 73 g og over 
  2. L: 63 g - 73 g  
  3. M: 53 g - 63 g  
  4. S: under 53 g

Dersom du vil selje egg av ulik størrelse i same kartong skal det stå minimumsnettovekt i gram, og "Egg av ulik størrelse" eller tilsvarande uttrykk på kartongen.  

Regelverk


Temperatur 

Oppbevaringstemperatur for egg er høgst 12˚C.

Det er unntak for temperaturkravet ved kortvarig omsetning av særskilt ferske egg. Ved slikt sal må du informere om når egga er lagt.  

Det er ulike regelverkskrav til egg avhengig av korleis og kor stor mengde du skal selje.   

Regelverk


Haldbarheit på egg 

Egg skal vere seld innan 21 dagar etter leggedato. Ut frå dette kan du setje haldbarheit på 28-35 dagar frå leggedato.  

Regelverk


Merking av egg

Forbrukarane skal få god informasjon om kva matvara inneheld ved å lese på pakninga.

Merkinga skal vere korrekt, gi tilstrekkeleg informasjon og ikkje villeie forbrukarane. Krava omfattar merking på sjølve matvara, men det er også krav til presentasjon og reklame. 

Foto som viser hvordan egg skal merkes

Les meir:  

Veileder: Merking av egg (PDF)


Salmonellakontroll av egg

Alle egg som blir pakka, skal komme frå besetningar som følger krava til prøvetaking av salmonella.

Upakka norske egg treng ikkje komme frå ei besetning som er underlagt salmonellakontroll.

Regelverk