Registrering og godkjenning av næringsmiddelverksemder
Alle som driv næringsmiddelverksemd, må registrere seg hos Mattilsynet. Produserer du animalske næringsmiddel, er hovudregelen at du skal vere godkjend av Mattilsynet.
Innhald på denne sida
Registrering av næringsmiddelverksemd
Registrering betyr at Mattilsynet skal ha melding om at du driv næringsmiddelverksemd, kor verksemda ligg og kva som er aktivitetane til verksemda.
Dette er viktig for at Mattilsynet skal kjenne til verksemda og ha høve til å gjennomføre inspeksjonar.
Dersom du produserer eller haustar råvarer som skal brukast til mat, er dette ei næringsmiddelverksemd med primærproduksjon som du skal registrere. Du må óg registrere verksemda di om du driv du med servering, gardsbutikk, produserer mat som t.d. syltetøy, saft, brød og lefser.
Du treng ikkje registrere deg dersom du berre av og til leverer overskotet av råvarer frå primærproduksjon direkte til sluttforbrukar, eller er jeger som sel heile eller grovdelte slakt av viltlevande vilt.
Slik gjer du
Registrering av næringsmiddelverksemd
Du skal vere registrert eller godkjent hos Mattilsynet om du importerer, håndterer, lagrar eller omset næringsmiddel.
Du registrerer deg ved å bruke skjemaet "Ny matbedrift og/eller import, produksjon og engrossalg av matkontaktmaterialer" i Mattilsynet si skjemateneste.
Skjemaet skal også brukast dersom du vil utvide aktiviteten i ei allereie eksisterande verksemd og starte med ein ny aktivitet som ikkje er registrert.
Godkjenning av næringsmiddelverksemd
Produserer du animalske næringsmidlar, er hovudregelen at du skal ha godkjenning.
Animalske produkt er laga av kjøtt, sjømat, mjølk og egg. Eit animalsk produkt med små mengder tilsetjingar av vegetabilar er framleis animalsk.
Sidan produksjon av animalske matvarer kan vere ein større risiko for folkehelsa enn andre matvarer, skal Mattilsynet godkjenne desse verksemdene.
Når verksemda er godkjent, kan du omsette produkta dine fritt i heile Noreg og EU/EØS-området. Du får tildelt eit godkjenningsnummer som du må bruke i identifikasjonsmerket på alle emballerte produkt. Verksemda vil då stå på lista over godkjende verksemder.
Krav som må vere oppfylt før du søker om godkjenning av ny næringsmiddelverksemd
For at ei næringsmiddelverksemd skal bli godkjent, må fylgjande vere på plass:
- eigna lokale
- utstyr til å produsere trygge næringsmiddel
- eit system for mattryggleik, som viser at de har styring med grunnføresetnadane (til dømes reinhald, vedlikehald, skadedyrkontroll), har innført HACCP og har rutinar for sporing mv.
Alle som produserer næringsmiddel må følge ei rekke regler som skal sikre at næringsmidla som vert omsett er trygge. Krav til hygiene er først og fremst gitt i animaliehygieneforskrifta og næringsmiddelhygieneforskrifta.
Korleis du søker og kva søknaden skal innehalde
I søknaden skal du gje opplysingar om verksemda og om kva slags næringsmidlar du vil produsere.
Du skal opplyse kva du driv med i form av aktivitetar og produksjonsformer. Aktiviteten beskriv på eit overordna nivå kva du produserer, mens produksjonsformene gir ei meir detaljert skildring av produksjonen. Informasjon om verksemda og produksjonsformene går fram av Mattilsynet si liste over godkjende verksemder.
Søknaden skal innehalde
- verksemda sitt styringssystem for mattryggleik, basert på HACCP-prinsippa
- planteikningar av lokala som viser plassering av vesentleg produksjonsutstyr, vare- og personalflyt med vidare
- annan dokumentasjon som er relevant (antal tilsette, produksjon med vidare)
- dokumentasjon av vasskvalitet (dersom ein har eiga vasskjelde)
Styringssystemet for mattryggleik skal beskrive kven som er ansvarleg, korleis systemet skal fungere, og verksemda sine rutinar for grunnføresetnader. Aktuelle produksjonar skal vere skildra, og fareanalyse skal vere utført for desse.
FSMS-HACCP rettleiar for gjennomføring av styringssystem for mattryggleik
Dette gjer Mattilsynet når vi vurderer søknaden
Mattilsynet sjekkar at søknaden inneheld dei opplysingane som er naudsynte for å kunne behandle søknaden.
Ved behov vil vi be om meir informasjon innan ein gitt tidsfrist.
Dersom vi ikkje mottar dei naudsynte opplysningane innan fristen, avsluttar vi saka med vedtak om avslag.
Mattilsynet gjennomfører minst ein fysisk inspeksjon før godkjenning
Når vi har nok opplysningar til å vurdere søknaden om godkjenning, avtaler og gjennomfører vi ein fysisk inspeksjon. Vi vil då undersøke om verksemda oppfyller krava til godkjenning og avklare eventuelle spørsmål knytta til godkjenningssøknaden.
Etter inspeksjonen får du ei oppsummering av observasjonane våre, ei såkalla tilsynskvittering.
Dersom Mattilsynet etter inspeksjonen vurderer at krava er oppfylt, får nye verksemder som hovudregel ei tidsavgrensa, førebels godkjenning.
Nye verksemder får som hovudregel først ei førebels, tidsavgrensa godkjenning
Dette er ei godkjenning som kan gis inntil 3 månader om gangen. For fartøy som segler under norsk flagg, er tida avgrensa til 6 månader.
I perioden verksemda har førebels godkjenning, kan du produsere næringsmiddel, prøve ut styringssystemet og utføre naudsynte endringar.
Før perioden med førebels godkjenning er over, må du søke om godkjenning på ny
Du må søke i god tid før datoen den førebelse godkjenninga går ut. Dette er viktig, for når den førebelse godkjenninga er utgått, har du ikkje lenger lov å produsere og omsetje varene.
Du kan søke om ny godkjenning via e-post til Mattilsynet sitt lokale kontor, eller via Mattilsynet si skjemateneste. Mattilsynet vil deretter gjennomføre ein ny kontroll. Kontrollen kan være i form av ein ny inspeksjon eller ein dokumentkontroll.
Etter søknadsbehandling og kontroll vil Mattilsynet enten gi
- Endeleg godkjenning når alle krava i regelverket er oppfylt. Godkjenninga er ikkje tidsavgrensa.
- Forlenging av førebels godkjenning dersom det er grunn til å tru at du vil oppfylle krava innan ny tidsfrist. Forlenging av førebels godkjenning kan gis for nye 3 månader. Det vil seie at førebels godkjenning ikkje kan vare lenger enn 6 månader til saman. Unntaket er fabrikkskip og frysefartøy, som kan få forlenging i 6 månader.
Verksemder som er gitt forlenging må igjen søke på nytt før sluttdato. Mattilsynet vil vurdere å gjennomføre ein ny kontroll før sluttdatoen, for å undersøke om krava til godkjenning er oppfylt. - Avslag på søknaden om godkjenning dersom du ikkje oppfyller alle krava i regelverket. Du må då innstille drifta frå sluttdatoen for den førebelse godkjenninga.
Godkjenningsnummer
Alle verksemder som har fått førebels eller endeleg godkjenning, får tildelt eit godkjenningsnummer frå Mattilsynet.
Verksemda vil då stå på Mattilsynet si liste over godkjende verksemder.
Brukarrettleiing for pålogging til Mattilsynet sine skjematenester
Gebyr
Gebyret skal betalast ved avslutta behandling, det vil seie
- når ei godkjenning er innvilga
- når ein søknad er avslått
- når søknadsbehandlinga er avbrote på grunn av forhold hos verksemda
Forskrifta angir maksimalt gebyr, det vil seie at du ikkje skal betale meir enn den satsen som står i forskrifta vedlegg 1 kapittel II.
Dersom Mattilsynet har brukt mindre tid på saksbehandlinga, kan gebyret bli sett lågare.
Du skal ikkje betale eit eige gebyr for førebels godkjenning, men når gebyret blir rekna ut etter at saka er avslutta, blir tidsbruken på førebels godkjenning også rekna med.
Regelverk
Animaliehygieneforskriften
Kilde: Lovdata.no
Næringsmiddelhygieneforskriften
Kilde: Lovdata.no
Forskrift om gebyrer til Mattilsynet
Kilde: Lovdata.no
Unntak frå krav til godkjenning
Mindre verksemder treng ikkje å søke om godkjenning, dersom verksemda driv i samsvar med krava lista opp under.
Bakgrunnen for unntaka er at det her vert produsert mindre mengder, produkta når fram til færre menneske, og at det ofte er god oversikt over distribusjonen og direkte kontakt mellom produsent og forbrukar. Ei slik verksemd kallast ein detaljist, og du må registrere drifta hos Mattilsynet.
Du treng ikkje godkjenning dersom du berre leverer direkte til sluttforbrukar
"Direkte" betyr her at det er fysisk kontakt mellom produksjonsverksemd og sluttforbrukar ved bestilling eller overlevering av produktet. Det skal vere lagt til rette for sal til privatpersonar. Døme på dette er eige utsal eller sal over disk, utlevering på REKO-ring eller sal på bondens marknad.
Har du eit reelt sal der du møter kunden fysisk, kan du bruke ei leveringsteneste, til dømes sykkelteneste eller drosje, til å levere produkt direkte til sluttforbrukar i nærområdet ditt.
Du treng ikkje godkjenning dersom du leverer til sluttforbrukar og leverer til andre detaljistar som berre leverer til sluttforbrukar, og oppfyller alle desse tre vilkåra:
-
Lokal aktivitet: Du leverer til andre detaljistar i same fylke eller innanfor ein maksimal avstand på 100 km. Dersom du kan vise at naturleg område for sal går ut over desse grensene, kan du levere i eit større område.
Ved sal direkte til sluttforbrukar i Noreg er det ikkje krav til avstand. Du kan til dømes sjølv ta med animalske produkt og selje dei på ein marknad på ein annan kant av landet. -
Marginal aktivitet: Du leverer maksimalt 600 kg produkt per veke (gjennomsnitt over 6 månader = totalt 15 600 kg) til andre detaljistar. Mengde direkte til sluttforbrukar kjem i tillegg.
Ved svært små produksjonsmengder på stader kor det er lite mogeleg å selje direkte til sluttforbrukarar, kan Mattilsynet vurdere det som tilstrekkeleg at det er lagt til rette for sal. Døme på dette er seterdrift der det sjeldan kjem folk innom, men at ei turisthytte kjøper produkta. -
Avgrensa aktivitet: Du leverer til andre detaljistar, som igjen leverer direkte til sluttforbrukarar. Som detaljist kan du ikkje selje animalske varer via grossist eller andelslag.
Andre unntak frå kravet om godkjenning
Du treng heller ikkje godkjenning dersom du
- bruker foredla (til dømes varmebehandling, røyking, salting, modning og/eller tørking) animalske råvarer i produksjonen, men verksemda skal vere registrert
- bruker rå egg i bakeriprodukt
- produserer honning
Det er særskilde reglar for vilt, kaninar og fjørfe:
Registrering, sertifisering og godkjenning av fjørfehold og rugerier
Lokalmat - kjøtt og kjøttprodukt
Regelverk
Animaliehygieneforskriften
Kapittel I
Alminnelige bestemmelser
Artikkel 1
Virkeområde
-
a. primærproduksjon til bruk i private husholdninger, -
b. tilberedning, håndtering eller oppbevaring av næringsmidler i hjemmet til konsum i private husholdninger, -
c. produsentens direkte levering av små mengder råvarer til sluttforbrukeren eller til lokale detaljister som leverer direkte til sluttforbrukeren,
►M24 -
d. produsentens direkte levering av små mengder kjøtt fra fjørfe og haredyr slaktet på driftsenheten, til sluttforbrukeren eller til lokale detaljister som leverer slikt kjøtt direkte til sluttforbruker,
◄M24 -
e. jegere som leverer små mengder viltlevende vilt eller kjøtt fra viltlevende vilt direkte til sluttforbrukeren eller til lokale detaljister som leverer direkte til sluttforbrukeren.
-
a. Med mindre annet uttrykkelig er angitt, får ikke denne forordning anvendelse på detaljhandel. -
b. Denne forordning får imidlertid anvendelse på detaljhandel når det utføres arbeidsoperasjoner med henblikk på å levere næringsmidler av animalsk opprinnelse til en annen virksomhet, med mindre: -
i. arbeidsoperasjonene utelukkende består av lagring eller transport, da de særlige temperaturkravene som er fastsatt i vedlegg III, likevel får anvendelse,
eller -
ii. næringsmidler av animalsk opprinnelse fra detaljister utelukkende leveres til andre detaljister, og slik levering i samsvar med nasjonal lovgivning er en marginal, lokal og begrenset aktivitet.
-
-
c. Medlemsstatene kan vedta nasjonale tiltak for å anvende kravene i denne forordning på detaljister som ligger på deres territorium og som forordningen i henhold til bokstav a) eller b), ikke gjelder for.
-
a. relevante regler om menneskers og dyrs helse, herunder strengere regler som er fastsatt for å forebygge, kontrollere og utrydde visse typer overførbar spongiform encefalopati, -
b. krav som gjelder dyrs velferd,
og -
c. krav som gjelder identifisering av dyr og sporbarhet for produkter av animalsk opprinnelse.
Artikkel 2
Definisjoner
-
1. definisjonene fastsatt i forordning (EF) nr. 178/2002, -
2. definisjonene fastsatt i forordning (EF) nr. 852/2004, -
3. definisjonene fastsatt i vedlegg I,
og -
4. alle tekniske definisjoner i vedlegg II og III.
Kilde: Lovdata.no
Animaliehygieneforskriften
Kapittel II
Forpliktelser som påhviler driftsansvarlige for næringsmiddelforetak
Artikkel 3
Alminnelige forpliktelser
Artikkel 4
Registrering og godkjenning av virksomheter
-
a. som oppfyller de relevante kravene i forordning (EF) nr. 852/2004, i vedlegg II og III i denne forordning og andre relevante krav i næringsmiddelregelverket,
og -
b. som vedkommende myndighet har registrert, eller når det kreves i samsvar med nr. 2, har godkjent.
-
a. primærproduksjon, -
b. transport, -
c. lagring av produkter som ikke trenger lagringsforhold med temperaturregulering,
eller -
d. andre former for detaljhandel enn dem som denne forordning får anvendelse på i henhold til artikkel 1 nr. 5 bokstav b).
-
a. har gitt virksomheten godkjenning til å drive etter et besøk på stedet,
eller -
b. har gitt virksomheten en betinget godkjenning.
-
a. omfattes av krav til godkjenning i samsvar med nr. 2 og har brakt i omsetning produkter av animalsk opprinnelse i samsvar med Fellesskapets regelverk umiddelbart før denne forordning får anvendelse,
eller -
b. er av en slik art at den ikke var omfattet av noen krav til godkjenning før denne forordning fikk anvendelse.
Artikkel 5
Stempel- og identifikasjonsmerking
-
a. et stempelmerke som er påført i samsvar med forordning (EF) nr. 854/2004,
eller -
b. et identifikasjonsmerke som er påført i samsvar med avsnitt I i vedlegg II til denne forordning, dersom nevnte forordning ikke inneholder bestemmelser om påføring av et stempelmerke.
Artikkel 6
Produkter av animalsk opprinnelse fra stater utenfor Fellesskapet
-
a. avsendertredjestaten er oppført på en liste som er utarbeidet i samsvar med artikkel 11 i forordning (EF) nr. 854/2004, over tredjestater som det er tillatt å importere dette produktet fra, -
b. -
i. virksomheten som dette produktet ble sendt fra, og der det ble framstilt eller tilberedt, er oppført på en liste som er utarbeidet i samsvar med artikkel 12 i forordning (EF) nr. 854/2004, over virksomheter som det er tillatt å importere dette produktet fra, når dette er relevant, -
ii. produktet når det gjelder ferskt kjøtt, kvernet kjøtt, tilberedt kjøtt, kjøttprodukter og mekanisk utbeinet kjøtt, er framstilt av kjøtt fra slakterier og nedskjæringsanlegg som er oppført på lister utarbeidet og ajourført i samsvar med artikkel 12 i forordning (EF) nr. 854/2004 eller fra godkjente virksomheter i Fellesskapet,
og -
iii. produksjonsområdet når det gjelder levende muslinger, pigghuder, kappedyr og sjøsnegler, er oppført på en liste som er utarbeidet i samsvar med artikkel 13 i nevnte forordning, når det er relevant,
-
-
c. produktet oppfyller: -
i. kravene i denne forordning, herunder kravene i artikkel 5 om stempel- og identifikasjonsmerking, -
ii. kravene i forordning (EF) nr. 852/2004,
og -
iii. alle vilkår for import som er fastsatt i samsvar med Fellesskapets regelverk for kontroll av import av produkter av animalsk opprinnelse,
-
-
d. kravene i artikkel 14 i forordning (EF) nr. 854/2004 vedrørende sertifikater og dokumenter er oppfylt, når det er relevant.
-
a. produkter gjøres tilgjengelige for kontroll ved import i samsvar med direktiv 97/78/EF,1 -
b. importen oppfyller kravene i direktiv 2002/99/EF,2
og -
c. arbeidsoperasjoner som er under deres kontroll og som finner sted etter importen, utføres i samsvar med kravene i vedlegg III.
Kilde: Lovdata.no
Registrering og godkjenning ved nettsal og kortvarig sal av mat
Om du må registrere eller søke godkjenning for nettsal og kortvarig sal av mat, kjem an på korleis salet går føre seg.
Nettsal
Dersom du sel animalske produkt via internett og ikkje leverer varene direkte til sluttforbrukar, må verksemda ha godkjenning.
Leverer du varene direkte til sluttforbrukaren, er det ikkje krav til godkjenning. Det kan til dømes vere eige utsal, på messer, eller gjennom REKO-ring.
Kortvarig sal av mat
Dersom du sel eller serverer mat på messer, festivalar, bondens marknad etc., skal du registrere det i skjematenesta. Når du har meldt frå om at du driv med "mobilt sal", treng du ikkje å melde frå til Mattilsynet om dei ulike plassane og tidspunkta du skal selje.
Dersom du skal ta med animalske produkt til utlandet på t.d. messer eller konkurransar, er det krav om at verksemda er godkjent. Registrerte verksemder kan i særskilte høve delta i konkurransar. Ein må då søke vertslandet om løyve, og høyre om produktet kan sendast som vareprøve.