Fluorerte stoff (PFAS)
Per- og polyfluoralkylerte stoff (PFAS) er ei fellesnemning for ei stor gruppe fluorerte stoff.
Stoffa hopar seg opp (vert akkumulerte) i kroppen til fisk, dyr og menneske. PFAS er ikkje akutt helsefarleg, men kan over tid auke risikoen for skadelege effektar på immunsystemet.
PFAS har vatn-, flekk- og feittavvisande eigenskapar. På grunn av desse eigenskapane er PFAS til dømes brukt i steikepanner, tekstilar, brannslukkingsskum, kosmetikk, matkontaktmaterialar og maling.
Tungt nedbrytelege
Det er per i dag meir enn 7000 ulike PFAS-stoff og dei fleste er det lite kunnskap om. PFOA, PFNA, PFHxS og PFOS er blant PFAS-ane som er best undersøkt, og som vi difor veit mest om. Dei er alle tungt nedbrytelege i miljøet og også i menneske.
Vi får i oss mest PFAS gjennom det vi et og drikker. Fisk, egg og frukt er matvarene som bidreg mest til PFAS i norsk kosthald.
Fluorholdige stoff (PFAS) kan også vere eit problem i vatn og vassdrag nær brannøvingsfelt på flyplassar. Mattilsynet åtvarar difor mot å eta fisk frå ferskvatn og vassdrag i nærleiken av flyplassar.