Tang og tare
Mattilsynet skal leggje til rette for hausting og oppdrett av tang og tare, og utvikle tilrettelagt regelverk og tilsyn for å sikre mattryggleiken.
Innhald på denne sida
Tang og tare (makroalgar) består av tre grupper: brunalgar, raudalgar og grønalgar. Dei ulike gruppene og artane kan ha svært ulike eigenskapar og også innhald av ulike stoff.
Erfaringar har vist at det er viktig med tilstrekkeleg kunnskap om mattryggleik og regelverkskrav på eit tidleg stadium i utvikling av nye næringar og produkt. Viss dette ikkje er på plass, vil det kunne få negative konsekvensar for både helsa til forbrukarane og for potensialet til næringa for omsetning og eksport.
Mattilsynet ønskjer derfor ein god dialog med næringa og FoU-miljø for å sikre både trygge produkt og leggje til rette for utvikling av næringa.
Registrering av verksemd
Alle som skal starte opp verksemd på nye marine artar, skal enten registrere verksemda eller få verksemda godkjent.
Viss du har fått sertifisering av Debio som økologisk produsent, må du likevel registrerast hos Mattilsynet.
Slik gjør du
Registrering av næringsmiddelvirksomhet
Du skal være registrert eller godkjent hos Mattilsynet om du produserer, importerer, håndterer, lagrer eller omsetter næringsmidler.
Du registrerer deg ved å bruke skjemaet "Ny matbedrift og/eller import, produksjon og engrossalg av matkontaktmaterialer" i Mattilsynets skjematjeneste.
Skjemaet skal også brukes dersom du vil utvide aktiviteten i en allerede eksisterende virksomhet og starte med en ny aktivitet som ikke er registrert.
Regelverk om tang og tare
Det er lite spesifikt regelverk som omfatter tang og tare i matregelverket. Dette har ført til at ulike EU/EØS-land håndterer produkter laget av tang eller tare ulikt.
Det er et generelt prinsipp i matloven at det er virksomhetenes ansvar at produktene er trygge. Dette er spesielt viktig for nye arter og produkter, når kunnskapsgrunnlaget om mattrygghet er mangelfullt og det er lite spesifikt regelverk.
Flere produkter er fanget opp som helsefarlige via det europeiske meldesystemet RASFF, særlig på grunn av høyt jod-innhold. Norge er en del av RASFF-systemet, med Mattilsynet som kontaktpunkt:
Man kan søke på RASFF –meldinger ved å skrive for eksempel “seaweed” AND “iodine” EU-kommisjonens RASFF portal
Se også Eur-lex: Relevant regelverk for makroalger til bruk i mat og fôr
På sikt kan man kanskje få et mer harmonisert regelverk, men dette er per i dag uvisst.
Regelverket for "Ny mat" kan være aktuelt
"Ny mat" er næringsmidler som ikke i vesentlig grad har blitt brukt til konsum hos mennesker i Norge eller de andre EØS-landene (inkluderer EU) før 15. mai 1997.
Ny mat-forskriften krever at ny mat skal være forhåndsgodkjent før omsetning. Det er forbudt å omsette ny mat uten godkjenning. Visse arter eller produkter til bruk i næringsmidler kan derfor være forbudt per i dag. Det er den som skal omsette et næringsmiddel som skal bevise om et næringsmiddel er ny mat eller ikke. For å bevise at et næringsmiddel ikke er ny mat, må man kunne legge fram dokumentasjon på at det aktuelle næringsmiddelet eller ingrediensen har vært brukt til humant konsum i et eller flere EØS-land før 15. mai 1997.
Hvis man etter å ha vurdert tilgjengelig informasjon er usikker, kan man kontakte det medlemslandet hvor man først har til hensikt å omsette næringsmiddelet. Man må skaffe den informasjonen som er nødvendig for at medlemslandet kan avgjøre ny mat-status. I Norge er det Mattilsynet som er ansvarlig myndighet for å avgjøre ny mat-status ved formelle forespørsler etter konsultasjonsprosessen (se ny mat-forskriften § 2).
Kva veit vi om mattryggleiken for tang og tare?
Kunnskap om mattryggleik og risikohandtering av tang og tare er under stadig utvikling.
Ein diskuterer endringar i regelverk på europeisk nivå, og det går føre seg forsking og innsamling av analysedata.
Nordisk rapport om mattryggghet i tang og tare 2023 (PDF)
Kunnskapsoppdatering om mattrygghet i tang og tare 2020 (PDF)
Handtering av høgt jodnivå i enkelte tang- og tareprodukt
Mattilsynet er spesielt oppteken av det høge og mogleg helsefarlege nivået av jod i ein del produkt som er baserte på tang og tare.
Viktig å få tilstrekkeleg, men ikkje for mykje jod
Det er viktig med tilstrekkeleg inntak av jod for helsa. Delar av den norske befolkninga blir anbefalt å innta meir jod, samtidig er det viktig å hugse at inntak av for mykje jod, spesielt over lengre tid, er helseskadeleg.
Utsette grupper av befolkninga må vere spesielt forsiktige med store inntak. Dette gjeld særleg gravide, ammande, små barn og folk som har sjukdommar i skjoldbruskkjertelen.
I tillegg må dei som har mild til moderat jod-mangel vere klar over at skjoldbruskkjertelen bruker tid på å tilpasse seg. Plutselege høge inntak av jod kan derfor auke førekomsten av forstyrringar i skjoldbruskkjertelen for denne gruppa.
Nokre tang- og tareartar kan innehalde svært høgt nivå av jod
Tong og tare har spesielle eigenskapar som fører til at dei akkumulerer (samlar opp) stoff som jod og tungmetall frå sjøvatnet, utan at vatnet i seg sjølv er forureina. Dei ulike artane kan ha svært ulik samansetning.
Enkelte artar og produkt av tang og tare kan innehalde fleire tusen gonger så mykje jod som annan mat. Det er særleg brunalgane som kan ha særleg høgt nivå.
Ein kan få i seg meir enn det dobbelte av det øvre tolerable inntaket ved å ete berre eitt gram av visse typar tørka tang per dag.
Eksempelvis kan brunalgen sukkertare innehalde over 5000 mg jod/kg tørrvekt. I ei matoppskrift som inneheld ei toppa matskei tørka sukkertare med vekt på 5 gram og innhald på 5000 mg jod/kg tørrvekt, vil den eine skeia med sukkertare ha eit innhald på heile 25 mg jod, det vil seie 25 000 mikrogram jod. Til samanlikning inneheld eitt glas mjølk (2 dl) ca. 30 mikrogram og 100 gram kokt sei ca. 270 mikrogram jod.
Kunnskap om jod i tang og tare
Havforskingsinstituttet har publisert analysedata for mellom anna jod-innhaldet i norske og importerte makroalgar Det er store variasjonar både innan og mellom ulike artar, og nokon har svært høgt nivå.
Forsking om kor mykje av jod-innhaldet i algane som blir tatt opp i rotter (biotilgjengelegheit), viser at tilgjengelegheita var lågare, men framleis høg, frå tare (80 prosent) samanlikna med jod tilsett som kaliumjodid (95 prosent).
Det er også gjort forsking på korleis innhaldet av jod kan bli vesentleg redusert ved metodar som tørking, steiking og koking. Dette kan ha noko å seie for utvida bruk av artar som har høgt innhald av jod.
Sjå Havforskingsinstituttets rapport: Knowledge update on macroalgae food and feed safety (hi.no).
Risikohandtering av jod i tang og tare i EU/EØS
Det er ingen harmoniserte/einskapleg øvre grenseverdi i EU/EØS for jod i tang og tare. Nokre land har nasjonale tilrådingar, og desse er svært ulike.
Ut frå dagens kunnskap kan vi ikkje gi konkrete tilrådingar om kor store mengder tang og tare det er trygt å ete med omsyn til jod.
Det går føre seg innsamling av data på mellom anna jod i tang og tare i EU/EØS, som Noreg deltar i. Analysedataa som er omtalte i Havforskingsinstituttet rapport er ein del av dette.
EUs vitskapskomité for mat publiserte i 2002 ei vurdering med anbefalt øvre grense for jodinntak på 600 mikrogram per dag for vaksne og 200 mikrogram per dag for barn på 1-3 år. Komiteen indikerer også at inntak av algar med relativt lågt jod-innhald (20 mg/kg tørrvekt) kan føre til eit helsefarleg høgt jod-inntak viss den eksponerte befolkninga i utgangspunktet har jodmangel.
Mattilsynet vil delta i diskusjonen i EU om korleis vi skal handtere det høge nivået som vi finn i ein del makroalgar.
Merking av produkt med høgt jod-innhald
Mattilsynet har dialog med norske produsentar i nettverka Norsk taredyrkarforeining, Algenettverk nord AS og Norsk tong og tareforbund. Produsentane vil merke tong og tareprodukt som har høgt jod-innhald, slik at forbrukarane får høve til å ta informerte val.
Informasjon til forbrukarane om produkt med høgt jod-innhald
Det manglar framleis mykje kunnskap om tang og tare som mat. Vi veit ikkje nok om opptak av jod i kroppen, om andelen av tang og tare i kosthaldet til den norske befolkninga, med meir. Vi kan derfor ikkje gi konkrete råd om kor mykje ein kan ete av tang og tare. Det er også store forskjellar på kva ein toler, avhengig av kva gruppe ein tilhøyrer.
Det blir forska på kva prosesseringsmetodar ein kan bruke for å fjerne ein del av joden frå algane før dei blir etne. Nokre metodar kan brukast både av næringsmiddelprodusentar og heime på kjøkkenet.
Nokre tongartar av typen brunalgar kan ha skyhøgt innhald av jod, og det er svært vanskeleg å dosere mengda ein kan ete i løpet av ein dag eller ei veke.
Merkinga av produkta kan også vere mangelfull, og då blir det ekstra vanskeleg å vite kor mykje ein kan ete utan at ein får i seg for mykje av helseskadelege mengder av visse stoff.