Av og til samsvarer ikkje beredskapsplanen med realitetane. Ein beredskapsplan må vere realistisk å gjennomføre når krisa slår til, og ikkje berre teoretisk tiltak på papiret.
Beredskapen må stå i rimeleg forhold til kartlagt og kjent risiko. Store lokaliteter set ekstra store krav til planlegging av beredskapen. Planen skal bidra til god og effektiv handtering av krisesituasjonar. Regelmessig oppdatering av beredskapsplanen er heilt nødvendig.
Kapasitet
Vil omfanget av ei krise kunne krevje større ressursar enn det de sjølve rår over? Får de til dømes ei algeoppblomstring eller eit stort lusepåslag i området vil truleg fleire verksemder bli råka. Har de etablert eit reelt beredskapssamarbeid i området for slike situasjonar eller bygger de opp tiltak kvar for seg? Om de løyser ting på sistnemnde måten kan det då innebere konflikt ved at same løysinga ikkje er mogleg å gjennomføre for alle? Kven har førsteretten til det lokale slakteriet til dømes? Kor skal dei andre selskapa sende fisken? Og kven har ledig kapasitet til å ta seg av transporten? Kan det vere nødvendig med skriftlege avtalar med brønnbåtselskap, slakteri, avlivingsbåtar, destruksjonsbåtar, nabolokalitetar..?
Tilgjengelege menneskelege ressursar
Ein del av kapasitetsproblema er også tilgangen på menneskelege ressursar. Krisesituasjonar krev sine folk, og det kan vere utfordrande og utmattande for dei faste tilsette å handtere krisa over lengre tid. Det vil ofte vere behov for fleire hender i slike situasjonar og det må verksemdene vere førebudd på. Kor finn de tak i folk?
Kommunikasjon
Kommunikasjon og informasjon er viktige område for alle organisasjonar, så vel i normale situasjonar som under kriser. I kriser vil det vere ekstra viktig at bodskap og kommunikasjonslinjer er tydelege. Svikt skuldast ofte manglar i så måte.
Roller, ansvar, kompetanse
I tillegg til klare kommunikasjonslinjer er det ekstra viktig i beredskapssituasjonar at ansvarsforhold og rollefordeling er tydeleg avklart. Det må vere klart for alle tilsette kva rolle dei har ved handtering av kriser. Som for andre delar av internkontrollen er det viktig at dei tilsette har fått medverka med kompetansen sin i beredskapsarbeidet.
Gode varslingsrutinar
Det er nyttig med skriftlege rutinar for varsling ved kritiske hendingar. Det vil medverke til rask varsling og at det skjer til dei rette fagfolka i verksemda. Rutinane må også omfatte pålagt varsling i tide til Mattilsynet, Fiskeridirektoratet, miljøvernmyndigheiter osv. Det er sentralt at den eller dei som oppdagar ei krise veit korleis dei skal sette i verk strakstiltak og varsle vidare for å kunne mobilisere dei rette ressursane for å handtere situasjonen.