Ein føresetnad for forsvarleg aktivitet eller drift på eit område er ofte at ein har spesiell kompetanse. Til dømes at ein har eit bestemt sertifikat, ein autorisasjon eller har gjennomgått ei eller anna opplæring.
Både matlova, dyrevelferdslova, akvakulturlova og forskriftene til desse stiller krav om nødvendig fagleg kompetanse. Akvakulturdriftsforskrifta § 6 stiller til dømes detaljkrav til formell utdanning for driftsansvarleg på akvakulturanlegg.
Internkontrollforskriftene våre stiller også krav som gjeld kompetanse, kunnskap og ferdigheiter. Men internkontrollforskriftene handlar meir om prosessane verksemda har for å sikre nødvendig kompetanse. Korleis vil du som leiar sikre at dine tilsette har nødvendige føresetnader – kompetanse, kunnskap og ferdigheiter – til å løyse oppgåvene dei har fått? Dersom de klarar å etablere eit system i verksemda som heile tida sikrar at oppgåvene blir løyst av tilsette med gode ferdigheiter og rett kompetanse, vil risikoen for svikt og lovbrot minke.
Gjennom styringssystemet skal de som leiarar sikre at det er nok arbeidskraft, at dei tilsette har formell kompetanse der det er nødvendig, at dei blir gitt relevant opplæring og at kunnskapen deira blir høveleg oppdatert med tida.
Kjennskap til interne rutinar og prosedyrar
Både IK-mat og IK-akva har krav om at dei tilsette blir oppdaterte på og heile tida er kjent med korleis IK-akva rettleiar 9 de har bestemt at dei skal løyse oppgåvene sine. Med andre ord må tilsette kjenne til relevante rutinar og prosedyrar som gjeld deira område og deira oppgåver.
Kjennskap til organisasjon og ansvar
At tilsette kjenner til eige ansvarsområde er sjølvsagt rimeleg å forvente. Leiarane må sikre at tilsette kjenner til organiseringa og/eller har lett tilgang på informasjon om dette. Alle tilsette må vite kven som har ansvar på deira arbeidsområde.
Kjennskap til viktige lovkrav
Eit av dei sentrale føremåla med internkontroll er at de skal arbeide systematisk med å etterleve krav i lover og forskrifter. Det bør derfor være mogleg for tilsette å finne fram til relevante krav i regelverket på deira område, og dei må kjenne til innhaldet i dei viktigaste krava.